Kakaduer

familie av papegøyefuglar
(Omdirigert frå Kakadu)

Kakaduer er 21 fugleartar som tilhøyrer den biologiske familien Cacatuidae. Saman med parakittar, Psittacoidea, og dei store papegøyane på New Zealand, Strigopidae, utgjer dei saman den biologiske ordenen papegøyefuglar, Psittaciformes. Familien har ein hovudsakleg australasiatisk distribusjon, frå Filippinane og dei ​​austlege indonesiske øyane til Ny-Guinea, Salomonøyane og Australia. Namnet kakadu(e) stammar frå det indonesiske namnet på desse fuglane, kaka(k)tua.

Kakaduer
Kvittoppkakadu, Cacatua alba Foto: Wikipedia-brukar Heggy
Kvittoppkakadu, Cacatua alba
Foto: Wikipedia-brukar Heggy
Utbreiing
Utbreiinga av kakaduer
Utbreiinga av kakaduer
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Psittacimorphae
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Kakaduer Cacatuidae
G. R. Gray, 1840

Kakaduer har mykje til felles med andre papegøyefuglar, mellom anna nebbforma og føtene med to tær framover og to bakover. Ein av tinga som skil dei er at kakaduene ofte har ein hanekam som kan slåast opp. Kakaduer er kjenneleg på den prangande fjørtoppen og det strerkt bende nebbet. Fjørdraktene er generelt mindre fargerike enn hos andre papegøyar, ho er hovudsakleg kvit, grå eller svart og ofte med fargavariasjonar i fjørtopp, kinn eller hale. I gjennomsnitt er dei større enn andre papegøyar; likevel er nymfekakadu, den minste kakaduarten, ein liten fugl.

Dietten er sett saman av frø, rotknollar, frukt, blomar og insekt. Dei beitar ofte i store flokkar, spesielt når dei plukkar føda på bakken. Kakaduer er monogame og hekkar i hole tre. Nokre kakaduartar har vore negativt påverka av habitattap, spesielt ved mangel på eigna hekkeplassar etter at store tre er blitt fjerna; og omvendt, nokre artar har tilpassa seg godt menneskelege endringar og blir no rekna som skadedyr i landbruket.

Kakaduer er populære, men krevjande fuglar i fuglerøkt. Nymfekakadu er den enklaste kakaduarten i avikultur, og er utvilsamt den mest talrike i fangenskap. Kvite kakaduer er meir vanleg i fangenskap enn svarte kakaduer. Ulovleg handel med fanga villfuglar medverkar til nedgangen av nokre av kakaduartane.

Artslista

endre

Kakaduer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Probosciger

  • Palmekakadu, Probosciger aterrimus, Palm Cockatoo, LC, Gmelin, 1788

Slekt Calyptorhynchus

  • Raudhalekakadu, Calyptorhynchus banksii, Red-tailed Black-Cockatoo, LC, Latham, 1790
  • Brunkakadu, Calyptorhynchus lathami, Glossy Black-Cockatoo, LC, Temminck, 1807
  • Gulhalekakadu, Calyptorhynchus funereus, Yellow-tailed Black-Cockatoo, LC, Shaw, 1794
  • Kvitkinnkakadu, Calyptorhynchus latirostris, Carnaby's Black-Cockatoo, EN, Carnaby, 1948
  • Marrikakadu, Calyptorhynchus baudinii, Baudin's Black-Cockatoo, EN, Lear, 1832

Slekt Callocephalon

  • Hjelmkakadu, Callocephalon fimbriatum, Gang-gang Cockatoo, LC, Grant, 1803

Slekt Lophochroa

  • Fagerkakadu, Lophochroa leadbeateri, Pink Cockatoo, LC, Vigors, 1831

Slekt Eolophus

  • Rosenkakadu, Eolophus roseicapilla, Galah, LC, Vieillot, 1817

Slekt Cacatua

  • Langnebbkakadu, Cacatua tenuirostris, Long-billed Corella, LC, Kuhl, 1820
  • Vestkakadu, Cacatua pastinator, Western Corella, LC, Gould, 1841
  • Korellakakadu, Cacatua sanguinea, Little Corella, LC, Gould, 1843
  • Tanimbarkakadu, Cacatua goffiniana, Tanimbar Corella, NT, Finsch, 1863
  • Filippinarkakadu, Cacatua haematuropygia, Philippine Cockatoo, CR, Müller, 1776
  • Gyllentoppkakadu, Cacatua sulphurea, Yellow-crested Cockatoo, CR, Gmelin, 1788
  • Salomonkakadu, Cacatua ducorpsii, Ducorps's Cockatoo, LC, Pucheran, 1853
  • Gultoppkakadu, Cacatua galerita, Sulphur-crested Cockatoo, LC, Latham, 1790
  • Brillekakadu, Cacatua ophthalmica, Blue-eyed Cockatoo, VU, Sclater, 1864
  • Molukkakadu, Cacatua moluccensis, Salmon-crested Cockatoo, VU, Gmelin, 1788
  • Kvittoppkakadu, Cacatua alba, White Cockatoo, VU, Müller, 1776

Slekt Nymphicus

  • Nymfekakadu, Nymphicus hollandicus, Cockatiel, LC, Kerr, 1792

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kakaduer