Kanelmotmot

fugleart
Kanelmotmot
Kanelmotmot
Kanelmotmot
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kanelmotmot
Utbreiinga av Kanelmotmot
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Motmotar Momotidae
Slekt: Baryphthengus
Art: Kanelmotmot B. martii
Vitskapleg namn
Baryphthengus martii

Kanelmotmot (Baryphthengus martii) er ein stor medlem av motmotfamilien som lever i høgvaksen, våt skog i Mellom-Amerika sør til vestlege Ecuador samt i sørvestlege Amazonasbassenget.

Skildring endre

Kanelmotmotar er rundt 45 centimeter i kroppslengd, kroppsmassen kan variere i området 146 til 208 gram. Fjørdrakta er prega av kanelfarga hovud og underside, kraftig grønfarga med blåskjær på overside og overside av halen. Bakre gump og undergump er òg grøn. Dei har ei karakteristisk svart augemaske som eit framhald av det svarte, nedkurva nebbet. Ein liten svart flekk kan vere synleg midt på brystet. Den nordlege underarten har vanlegvis lange sentrale halefjører med form som korte rekkertar, nominatforma i Amasonas manglar rekkert-utsjånaden på fjørene. Kjønna er like, men hoer er litt mindre enn hannfuglar.[1]

Det finst to underartar med åtskilde leveområde. Baryphthengus martii semirufus lever frå austlege Honduras og sørover langs austsida av Mellom-Amerika over Panama til Colombia, vidare sør langs stillehavskysten av Colombia og Ecuador. B. m. martii lever aust for Andesfjella frå søraustre Colombia til nordre Bolivia og austover til Amasonas-sideelva Tapajós i Brasil. Kanelmotmotar føretrekker høgvaksen, primær, våt, eviggrøn tropisk regnskog, men kan òg finne seg til rette i meir open, gjenreist skog og plantasjar.[1]

Her lever dei einslege eller parvis av både smådyr inkludert virvellause dyr som insekt samt eit utval av frukt, bær og frø.[1]

Storleiken på populasjonen er estimert til i mellom 5 og 50 millionar kjønnsmodne individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[2]

Kjelder endre

  • Master, T. L. (2020). Rufous Motmot (Baryphthengus martii), version 1.0. In Birds of the World (red. T. S. Schulenberg). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rufmot1.01
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Master, T. L. (2020)
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Baryphthengus martii. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. januar 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kanelmotmot