Varslarfamilien

familie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Varslarar)

Varslarfamilien (Laniidae) er ein familie av mellomstore sporvefuglar. Familien består av tretti artar delt inn i tre slekter. Både det vitskaplege familienamnet, og namnet på den største slekta, Lanius, er avleidd frå det latinske ordet for «slaktar». Merk at dei australasiatiske slaktarfuglane ikkje er varslarar.

Varslarfamilien
Amerikavarslar, Lanius ludovicianus Foto: Terry Ross
Amerikavarslar, Lanius ludovicianus
Foto: Terry Ross
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Varslarfamilien Laniidae
Rafinesque, 1815

Artane har kraftig nebb og lang hale. Dei fleste artane lever i Afrika.

I Noreg hekkar artane varslar og tornskate. I tillegg er rosenvarslar og raudhovudvarslar sjeldne gjester i landet.

Skildring

endre

Varslarane er mellomstore fuglar, opptil 50 centimeter i lengd, med grå, brun eller svart og kvit fjørdrakt. Nebba er bøygde, som på rovfuglar, noko som reflekterer rolla deira som predatorar, og ropa deira er skingrande.

Distribusjon, migrasjon og habitat

endre

Dei fleste varslarartar har ein eurasisk og afrikansk utbreiing, med berre to hekkeartar i Nord-Amerika, amerikavarslar, Lanius ludovicianus og varslar, Lanius excubitor. Det er ingen medlemmer av denne familien i Sør-Amerika eller Australia, men ein art når Ny-Guinea. Varslarane varierer i omfanget av områda sine, med nokre artar som arten varslar spenner over heile den nordlege halvkula til svovelvarslar, Lanius newtoni, som er avgrensa til øya São Tomé.[1]

Dei fleste artane lever i opne habitat, spesielt på stepper og savannar. Men somme av varslarar held seg i skogsområde, og søkjer sjeldan ut på opne stader. Nokre artar hekkar i nordlege breiddegradar i løpet av sommaren, og trekkjer til varmare strøk om vinteren.

Åtferd

endre
 
Varslar, Lanius excubitor
Foto: Marek Szczepanek

Varslarane er kjente for vanen sin med å fange insekt og små virveldyr, for deretter å spidde kroppane deira på tornar. Dette hjelper dei til å rive kjøtet i mindre, meir praktiske fragment som kan handterast, og fungerer som eit lager slik at varslarar kan returnere til matrestar som er sparte til eit seinare tidspunkt.[2] Dei kan spidde giftige grashopparar, venter i 1-2 dagar medan giftstoffa går ut, og et deretter insektet.[3]

Varslarane er territoriale, og vernar desse områda mot andre par. Hos trekkjande artar blir hekketerritoriet forsvart i hekkesesongen, og mindre territorium for beiting blir etablert under trekket og i overvintringsområda.[1] Når fleire artar av varslarar sameksisterer, kan konkurranse om territorium bli intens.

Varslarane gjer regelmessig bruk av godt synlege greiner, der dei sit i ei iaugefallande, oppreist haldning. Desse plassane blir brukte for å sjå etter byttedyr, og for å annonsere for rivalar at dei er til stades i området.

Hekking

endre

Varslarane er generelt monogame hekkefuglar, men polygyny har vorte registrert hos nokre artar.[1] Samarbeidande hekking, kor yngre fuglar hjelper foreldra med å sede opp neste generasjonen av ungfuglar, har vorte registert hos begge artane i slektene Eurocephalus og Corvinella som samt ein art av Lanius. Hannane tiltrekke hoer til territoriet sitt med velfylte matlager, som kan omfatte ikkje-etelege, men klårt farga element. Under kurtisering kan hannen gjennomføre ein ritualisert dans som inkluderer handlingar som etterliknar spidding av byttedyr på tornar og vil mate hofuglen. Varslarane byggjer enkle, koppforma reir av kvister og gras, i buskar og i låge greiner på tre.[2]

Artslista

endre
 
Tornskate, Lanius collurio
Foto: Chris Romeiks
 
Kvitgumpvarslar, Eurocephalus rueppelli
 
Gulnebbvarslar, Corvinella corvina
 
Ungfugl av Swahilivarslar, Lanius cabanisi
Foto: Muhammad Mahdi Karim

Varslarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Slekt Lanius

  • Tigervarslar, Lanius tigrinus, Tiger Shrike, Drapiez, 1828, (LC)
  • Oksevarslar, Lanius bucephalus, Bull-headed Shrike, Temminck & Schlegel, 1845, (LC)
  • Tornskate, Lanius collurio, Red-backed Shrike, Linné, 1758, (LC)
  • Raudhalevarslar, Lanius phoenicuroides, Red-tailed Shrike, Schalow, 1875, (LC)
  • Isabellavarslar, Lanius isabellinus, Isabelline Shrike, Hemprich & Ehrenberg, 1833, (LC)
  • Brunvarslar, Lanius cristatus, Brown Shrike, Linné, 1758, (LC)
  • Kastanjevarslar, Lanius collurioides, Burmese Shrike, Lesson, 1831, (LC)
  • Dvergvarslar, Lanius gubernator, Emin's Shrike, Hartlaub, 1882, (LC)
  • Indiavarslar, Lanius vittatus, Bay-backed Shrike, Valenciennes, 1826, (LC)
  • Rustvarslar, Lanius schach, Long-tailed Shrike, Linné, 1758, (LC)
  • Tefravarslar, Lanius tephronotus, Gray-backed Shrike, Vigors, 1831, (LC)
  • Bergvarslar, Lanius validirostris, Gray-capped Shrike, Ogilvie-Grant, 1894, (NT)
  • Amerikavarslar, Lanius ludovicianus, Loggerhead Shrike, Linné, 1766, (NT)
  • Borealvarslar, Lanius borealis, Northern Shrike, Vieillot, 1808, (LC)
  • Krattvarslar, Lanius meridionalis, Iberian Gray Shrike, Temminck, 1820, (VU)
  • Varslar, Lanius excubitor, Great Gray Shrike, Linné, 1758, (LC)
  • Rosenvarslar, Lanius minor, Lesser Gray Shrike, Gmelin, 1788, (LC)
  • Kinavarslar, Lanius sphenocercus, Chinese Gray Shrike, Cabanis, 1873, (LC)
  • Akasievarslar, Lanius excubitoroides, Gray-backed Fiscal, Prévost & Des Murs, 1847, (LC)
  • Swahilivarslar, Lanius cabanisi, Long-tailed Fiscal, Hartert, 1906, (LC)
  • Savannevarslar, Lanius dorsalis, Taita Fiscal, Cabanis, 1878, (LC)
  • Somalivarslar, Lanius somalicus, Somali Fiscal, Hartlaub & Heuglin, 1859, (LC)
  • Skogbrynvarslar, Lanius mackinnoni, Mackinnon's Shrike, Sharpe, 1891, (LC)
  • Bekryggvarslar, Lanius humeralis, Northern Fiscal, Stanley, 1814
  • Svartryggvarslar, Lanius collaris, Southern Fiscal, Linné, 1766, (LC)
  • Miombovarslar, Lanius souzae, Souza's Shrike, Barboza du Bocage, 1878, (LC)
  • Svovelvarslar, Lanius newtoni, Newton's Fiscal, Barboza du Bocage, 1891, (CR)
  • Kvitpannevarslar, Lanius nubicus, Masked Shrike, Lichtenstein, 1823, (LC)
  • Raudhovudvarslar, Lanius senator, Woodchat Shrike, Linné, 1758, (LC)

Slekt Corvinella

Slekt Eurocephalus

  • Kvitgumpvarslar, Eurocephalus ruppelli, White-rumped Shrike, Bonaparte, 1853, (LC)
  • Kvitkronevarslar, Eurocephalus anguitimens, White-crowned Shrike, Smith, A, 1836, (LC)

IOC World Bird List har anerkjent to andre Lanius-artar som framleis manglar norsk namn: Lanius pallidirostris og Lanius marwitzi. [6]

Kjelder

endre
  • Harris, Tony; Franklin, Kim (illustrator) (2000). Shrikes and Bush-shrikes. Princeton University Press. ISBN 0-691-07036-9. 
  • Lefranc, Norbert (1997). Shrikes: A Guide to the Shrikes of the World. Yale University Press. ISBN 0300073364. 

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Yosef, Reuven (2008). «Family Laniidae (Shrikes)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. s. 732–773. ISBN 978-84-96553-45-3. 
  2. 2,0 2,1 Clancey, P.A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 180. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. Yosef, Reuven; Douglas W. Whitman (1992-11). «Predator exaptations and defensive adaptations in evolutionary balance: No defence is perfect». Evolutionary Ecology 6 (6): 527–536. ISSN 1573-8477. doi:10.1007/BF02270696. Henta 11. februar 2012. [daud lenkje]
  4. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  6. IOC-lista, listar 33 anerkjente artar Arkivert 2009-02-13 ved Wayback Machine., lest 25. september 2010

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Varslarfamilien