Kardinalmaurtanagar
Kardinalmaurtanagar (Habia cristata) er ein fugl i kardinalfamilien. Denne fargerike arten lever på vestskråninga av den vestre fjellkjeda av Andes i Colombia. Utbreiinga dekker ei stripe frå omtrent ved byen Argelia lengst sør i Cauca-departementet i sør nordover til området ved Dabeida i Antioquia-departementet. Jamvel om maurtanagarar deler dette fellesnamnet er dei ikkje tanagarar etter dagens taksonomi, men kardinalar.
Kardinalmaurtanagar | |
Kardinalmaurtanagar Foto: Ron Knight
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kardinalmaurtanagar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kardinalar Cardinalidae |
Slekt: | Maurtanagarar Habia |
Art: | Kardinalmaurtanagar H. cristata |
Vitskapleg namn | |
Habia cristata |
Skildring
endreDette er ein mykje fargerik kardinal, hannen har raudt hovud og hals, og ein markert raud fjørtopp som reisast opp. Fjørdrakta er elles er gråleg med djup raudfarge, reinare grå på undersida og sidene. Hoa har kortare fjørtopp og er noko meir avdempa i fargene. Kardinalmaurtanagarar lever lågt i underskog, fuktig skog og helst ved rennande vatn i bratte skråningar, frå 700 til 2000 moh.[1] Dei jager etter insekt, beitar nokre gonger litt frukt, i små grupper på 2 til 5 individ eller i fleirartsflokkar.
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]
Kjelder
endre- Hilty, S. (2011). Crested Ant-Tanager (Habia cristata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. oktober 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Habia cristata[daud lenkje]. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. oktober 2015
- Referansar