Kari Sakari Ylianttila (fødd 28. august 1953) er ein finsk tidlegare skihoppar og seinare hopptrenar. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 1977/78.

Kari Ylianttila


Statsborgarskap Finland
Fødd 28. august 1953 (70 år)
Rovaniemi
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972

Aktiv endre

Ylianttila markerte seg i 1972-sesongen med ein tredjeplass i Svenska skidspelen. Tidlegare i OL-sesongen hadde han delteke i begge hopprenna under vinter-OL i Sapporo, med 13. plass i storbakken som beste prestasjon. Etter eit par sesongar der han som oftast hamna langt nede på resultatlistene, overraska han stort under nyårshopprennet 1975 i Garmisch-Partenkirchen, der han med 226,0 poeng vart nummer to, berre 0,2 poeng bakom vinnaren Karl Schnabl frå Austerrike. Plasseringa viste seg å vere eit reint blaff.

Høgdepunktet for Ylianttila var sigeren i den tysk-austerrikske hoppveka 1977/78. Han vart nummer tre i opningsrennet i Oberstdorf, kom på andreplass i Garmisch-Partenkirchen og i Innsbruck, og vann avslutningsrennet i Bischofshofen. Naturleg nok var han mellom dei store favorittane til å vinne gull under VM på heimebane i 1978, men skada under trening ein ankel og kunne ikkje delta i meistrskapen.[1]

Etter 1978 nådde ikkje Ylianttila heilt opp i dei store hopptevlingane. Både under VM i skiflyging 1979 og 1981 kom han på tiandeplass. Han deltok i OL i Lake Placid 1980, med ein 13. plass i den store bakken som beste resultat. Etter 19. og 21. plass i dei to individuelle tevlingane i ski-VM 1982 i Oslo, la han opp som aktiv skihoppar.

Trenar endre

Frå 1987 til 1994 var Ylianttila trenar for det finske hopplandslaget som vann talrike internasjonale medaljar i løpet av desse åra. I perioden 1994&ndsp;2004 trena han USAs hopplandslag, men hadde lite suksess. Sesongen 2004/05 var han trenar for Sveriges hopplandslag, deretter var han i fem år, 2005-10, trenar for Japans landslag. Sidan har han vore sjef for det finske kombinertlandslaget.

Kjelder endre

  1. Sportsboken 78-79, Dreyer Bok, Stavanger (ISBN 82-7096-063-2)

Bakgrunnsstoff endre