Karl Arne Utgård

Karl Arne Utgård (fødd 6. mars 1951) fødd i Sykkylven er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar 15. november 1999 og sat fram til 31. desember 2018.

Karl Arne Utgård
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1951 (73 år)
Sykkylven
Yrke advokat, dommar

Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1976. Han avtente verneplikta hos Krigsadvokaten for Østlandet 1977-78, var advokatfullmektig 1978-79, dommarfullmektig i Hadeland og Land sorenskrivarembete 1979-1980, og advokatfullmektig og advokat hos Regjeringsadvokaten i åra 1980-1984. Han vart advokat med møterett for Høgsterett i 1982. Han arbeidde som privatpraktiserende advokat på Hamar i åra 1984-1999, der han mellom anna var fast forsvarar i Eidsivating lagmannsrett 1988-1997 og i Hedmarken heradsrett 1995-1997.

Karl Arne Utgård er den første faste dommaren i Høgsterett som skriv på nynorsk. Han har vore ein føregangsmann for bruk av nynorsk i jussen og har gitt ut ei eiga juridisk og administrativ ordliste på nynorsk. For arbeidet sitt fekk han prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursenter i 2000.

Frå 2005 har Utgård også vore styreleiar for Domstoladministrasjonen ved sida av embetet som dommar i Høgsterett.

Bibliografi endre

Kjelder endre

Karl Arne Utgård hos domstol.no, vitja 15. juni 2010

Bakgrunnsstoff endre