Karl Henry Fyhn

norsk prest og politikar

Karl Henry Fyhn (27. januar 18531. oktober 1940) var ein norsk prest og politikar, fødd i Trondheim. Han representerte Venstre i Stortinget perioden 1916-18, vald frå Sarpsborg krins.

Karl Henry Fyhn

Fødd27. januar 1853
Trondheim
Død1. oktober 1940 (87 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest
Alle verv

Fyhn var son til Henriette Barbara With og tollkontrollør Hans Jørgen Fyhn.[1] Han vart student frå Skien skole i 1870 og cand.theol. i 1876. I studieåra var han huslærar i Sandvika og lærarvikar i Fredrikstad, heile tida for å finansiere studiane. Frå 1876 til -78 lærar ved han ved Aars & Voss skule og ved Falsens jenteskule i Kristiania. Deretter var han kateket i Farsund frå 1878. Sidan var han sokneprest 1883-95 i Fredriksvern og 1895-1925 i Sarpsborg.

Fyhn var forlikskommissær i Fredriksvern alle åra han var der, og ordførar 1888-95. Også i Sarpsborg var han ordførar, 1905-07, og dessutan formann i skulestyret. Valperioden 1903-06 var han varamann til Stortinget frå Sarpsborg krins. Ved stortingsvalet 1915 vart han vald å representere same einmannskrinsen på Stortinget. Han var ei kort tid med i Sosialkomiteen, sidan medlem i Næringskomite nr. 2 ut 1918.

Referansar endre

Kjelder endre