Karl K. Kleppe
Karl Korneliusson Kleppe (30. mars 1877–27. mars 1959) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Klepp i Rogaland. Han representerte partiet Venstre på Stortinget frå 1919 til 1945.
Karl K. Kleppe | |||
Fødd | 30. mars 1877 | ||
---|---|---|---|
Død | 27. mars 1959 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Alle verv |
|
Kleppe var son til ein gardbrukar i Klepp. Etter å ha gått ut frå amtsskulen på Jæren i 1893, gjekk han nokre år amts-landbruksskulen på Tveit i Ryfylke i 1898. Deretter gjekk turen til Noregs Landbrukshøgskule, der han tok eksamen i 1900.
Kleppe var frå 1900 til 1942 landbrukslærar ved Jæren folkehøgskule. I åra frå 1909 til 1940 dreiv han også farsgarden ved Kleppe stasjon.
Valperioden 1914-16 var han varaordførar i Klepp, og 1932-34 ordførar. Ved stortingsvalet 1918 vart Kleppe vald til stortingsmann frå einmannskrinsen Jæderen. Han vart attvald ved alle stortingsval fram til 1936, då som representant for landkommunane i Rogaland. Den fyrste treårsbolken på Stortinget var han medlem i Universitets- og fagskulekomiteen, sidan var han medlem 1922-27 i Jarnbankekomiteen og 1928-45 i Landbrukskomiteen, sekretær i sistnemnde frå 1937. Kleppe skreiv grundige referat frå møta i parlamentsgruppa til Venstre.
Kjelder
endre- Stortingsbiografi Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine.