Carl XVI Gustaf av Sverige

(Omdirigert frå Karl XVI Gustav av Sverige)

Kong Carl XVI Gustaf av Sverige (uttalt «gustav») (fødd 30. april 1946) har vore konge av Sverige frå 15. september 1973. Han etterfylgde bestefaren Gustav VI Adolf av Sverige som konge. Han vart den 19. juni 1976 gift med Silvia Sommerlath.

Carl XVI Gustaf av Sverige

Kong Carl XVI Gustaf (2023)
Konge av Sverige
Regjeringstid1973-09-1515. september 1973 –
Fullt namnCarl Gustaf Folke Hubertus Bernadotte
TitlarPrins av Sverige (1946–1950)
Kronprins av Sverige (1950–1973)
Konge av Sverige
Fødd1946-04-3030. april 1946
FødestadHaga slott
FøregangarGustav VI Adolf
GemalinneSilvia
Gift medSilvia av Sverige
DynastiBernadotte
MottoFör Sverige - i tiden
FarGustaf Adolf
MorSibylla
BornVictoria av Sverige, Carl Philip av Sverige, Madeleine av Sverige

Foreldra hans var prins Gustaf Adolf av Sverige og Sibylla av Sachsen-Coburg-Gotha. Prins Gustaf Adolf omkom i ei flyulukke 26. januar 1947.

Carl Gustaf er busett på Drottningholms slott, like utanfor Stockholm. På fritida driv han mellom anna med jakt og bilkøyring. Carl Gustaf er admiral i det svenske sjøforsvaret. I hæren og luftforsvaret er han general.

Carl Gustafs slekt har namnet Bernadotte. Slekta kom til Sverige med Jean Baptiste Bernadotte, som vart kong Karl III Johan av Noreg, og Karl XIV Johan av Sverige.

Han vart i 1974 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Titlar

endre

Høgvyrde Prins Carl Gustaf av Sverige, hertug av Jämtland (1946–1950)
Høgvyrde Kronprins Carl Gustaf av Sverige, hertug av Jämtland (1950–1973)
Hans Majestet Kong Carl XVI Gustaf av Sverige

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Carl XVI Gustaf av Sverige