Karlshamns kommun

kommune i Blekinge len i Sverige

Karlshamns kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar i vest til Olofströms kommun og Sölvesborgs kommun, i aust til Ronneby kommun og i nord til Tingsryds kommun i Kronobergs län. Administrasjonssenteret i kommunen er Karlshamn.

Karlshamns kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Blekinge län
Landskap Blekinge
Del av Blekinge, Q61441538, Blekinge domkrins
Centralort Karlshamn
Areal 511,08 km²
 •  land 491,33 km²
 •  vatn 19,75 km²
Folketal 31 179
Folketettleik 64 / km²
Kart
Karlshamns kommun
56°10′00″N 14°51′00″E / 56.166666666667°N 14.85°E / 56.166666666667; 14.85
Kart som viser Karlshamns kommun.
Kart som viser Karlshamns kommun.
Kart som viser Karlshamns kommun.
Wikimedia Commons: Karlshamn Municipality
Nettstad: www.karlshamn.se

I kommunen finn ein ein av dei største skjergardane i Blekinge, Hällaryds skärgård. Nord for skjergarden ligg det eit eit platålandskap med markerte sprekkedalar i retning nord–sør.

Kommunen har fleire typar industri, som produksjon av sprit (spesielt punsj), sanitærutstyr, elektrisk og elektronisk utstyr og sportsfiskeutstyr (ABU Garcia). Han inneheld òg eit stort varmekraftverk.

Adminstrativ historikk

endre

I 1863, då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft, var området samansett av Karlshamns stad og fem sokn. I år 1881 kom endå ein landkommune til, Ringamåla, gjennom utbryting frå Asarum. Ved kommunereforma i 1952 vart «storkommunane» Hällaryd (av kommunane Hällaryd og Åryd), Asarum (gjennom gjenforeining av Asarum och Ringamåla) og Mörrum (av kommunane Elleholm og Mörrum) oppretta. I 1967 vart Karlshamns stad slått saman med Asarum, Hällaryd og Mörrum. Allereie fire år før einskapleg kommunetype vart innført, hadde altså Karlshamns kommun fått si noverande form.

Kommunevåpenet

endre

Blasonering: Eit skjold med bølgjedeling i gull, der ei oppstigande svart løve med raud tunge og raude klør held eit ståande svart anker med begge frampotane, samt i grønt.[1]

Byvåpenet til Karlshamn vart fastsett allereie i privilegiebrevet frå 1666. Det same våpenet vart i 1974 registrert for Karlshamns kommun. Asarum og Mörrum hadde begge våpen frå 1940-talet, og desse vart ugyldige.

Tettstader

endre

Det er seks tettstader i Karlshamns kommun. Ein mindre del av tettstaden Pukavik ligg også i kommunen, men den største delen ligg i Sölvesborgs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Karlshamn 18 768
2 Mörrum 3 655
3 Svängsta 1 742
4 Hällaryd 553
5 Åryd 362
6 Torarp 273

Kjelder

endre

Fotnote

endre
  1. «Sköld av vågskura delad i guld, vari ett uppstigande svart lejon med röd beväring, vilket med båda framtassarna håller ett stolpvis ställt svart ankare, samt i grönt».