Kaska
Kaska er eit språk i athabaskafamilien.[2] Det blir snakka i Canada, i dei sørvestre delane av Nordvestterritoria, dei søraustre delane av Yukon og den nordre delen av Britisk Columbia.[2][3] Kaska blir snakka i Fort Ware i Nordvestterritoria; Ross River og Watson Lake in Yukon og Dease Lake, Good Hope Lake, Lower Post, Fireside, og Muncho Lake i Britisk Columbia.[2][3][4] Watson Lake vart grunnlagt under andre verdskrigen då Alaska Highway vart opna i 1942.[4] Det er inga overdriving å seie at det var først då kaskasamfunnet verkeleg kom i kontakt med vesteuropeiske innvandrarar. Som eit resultat av dette var tok språkskifteprosessen frå kaska til engelsk til.[3][4] Ein annan viktig faktor i språkskifteprosessen var internatskolane som vart etablert.
Kaska Dene Zágéʼ | ||
Klassifisering | Na-dené Athabaskisk Nordathabaskisk Sentral-Cordillera | |
Bruk | ||
Kaskatalande i alt | 240 (2016[1]) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | kkz | |
Glottolog | kask1239
|
Fonologi
endreKonsonantar
endreLabial | Alveolar | Post-al. /Palatal |
Velar | Glottal | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
sentral | lateral | ||||||
Nasal | vanleg | m | n | ||||
glottalisert | |||||||
Lukkelyd | tenuis /aspirert |
p pʰ |
t tʰ |
k kʰ |
ʔ | ||
ejektiv | tʼ | kʼ | |||||
Affrikat | ustemt /stemt |
ts tsʰ |
tɬ tɬʰ |
tʃ tʃʰ |
|||
ejektiv | tsʼ | tɬʼ | tʃʼ | ||||
Frikativ | ustemt /stemt |
f |
s z |
ɬ |
ʃ ʒ |
ʁ |
h |
glottalisert | |||||||
Approksimant | vanleg | l | j | ||||
glottalisert | |||||||
R-lyd | vanleg | r | |||||
glottalisert |
Vokalar
endreKaska har eit vanleg femvokalsystem, med vokalane /a/, /e/, /i/, /o/, and /u/. Vokalane kan vere lang, kort og nasalisert, og dei kan ha ulik tonekontur (høg, fallande og stigande). Resultatet blir rundt 60 ulike vokallydar.
Kaska er eit polysyntetisk språk. Det er eit SOV-språk. Verbet blir bøygd med prefiks, verbet har opptil ni prefiksposisjonar. Kaska har ikkje grammatisk genus.
Setningar med berre eitt verb
endreEittordssetningar består av eit verb er vanlege i kaska. Prefiksa i kaska blir delt opp i tre felt: disjunkte prefiks, konjunkte prefiks og verbtema. Jf. O'Donnell sitt diagram over verbet i kaska.
Disjunkte prefiks | Konjunkte prefiks | verbtema | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oblique Object | Postposition | Distributive Plural | Subject Agreement II | Direct Object | Mood/Aspect | Subject Agreement I | Thematic Prefix | Classifier | Verb Stem |
Verbtema
endreVerbtemaet inneheld, verbstammen, som kjem rett etter ein av tre klassifikatorar (-h-, -l-, -d-), eller klassifikatoren kan mangle.
Verbet stor utan klassifikator viss det er eit intransitivt og/eller stativt verb.
Klassifikatoren -h-, kjend som ł -klassifikator i athabaskalitteraturen, markerer transitivitet og/eller kausativitet. Viss verbet står i 1. person eintal (markert med prefiks s-) manglar -h-.
- etsén segan 'kjøtet er tørka'
- etsén sehgan 'han/ho tørka kjøt'
-d-klassifikatoren har ein litt meir kompleks funksjon: Han markerer benefaktive verb som viser til talaren, refleksive, resiproke og iterative (merka med prefikset ne-) verb, og passivar.
-l- klassifikatoren kombinerer funksjonane til -d- og -h- (ł) klassifikatorane.
Konjunkt
endreKonjunktfeltet, som er mellom disjunktprefiksa og verbtemaprefiksa, inneheld prefiks som fortel om subjekt, direkte objekt og modus og aspekt. Ved subjektmarkering skil kaska syntaktisk mellom "subjekt I" og "subjekt II" prefiks (subjekt II-prefiksa står i dei grå boksane til venstre i tabellen under.
Singularis | Pluralis | |
---|---|---|
Førsteperson | s- | dze- |
Andreperson | n- | ah- |
Tredjeperson | Ø- | ge- |
Singularis | Pluralis | |
---|---|---|
Førsteperson | se- | gu- |
Andreperson | ne- | neh- |
Tredjeperson | Ø-/ye- | ge- |
Subjekt I-markørane står til slutt i konjunktfeltet, der subjekt II-markørane står først i konjunktfeltet.
Markeringa av direkte objektet står til høgre i tabellen. markeringa av tredje person singularis er avhengig av subjektet i setninga: Viss subjektet er første eller andre person, er ikkje objektet markert, men viss subjektet er trendje person blir tredjeposisjonsobjektet markert med ye-.
Disjunkt
endreDisjunktfeltet inneheld adberbiale og derivasjonelle prefiks, og det negative prefikse dū- og det distributive fleirtalsprefikset né-, som sett subjekt som elles er dual (og i visse tilfelle eintalsobjekt) i fleirtal. Dette distributive prefikset markerer numerus på argumenta i setninga, viss dei ikkje er markert av subjekt- eller objektprefiksa, eller frå konteksten. Prerikset ɬe- markerer duale subjekt i i alle fall ei verbfrase: "å sitje." Postposisjonar, som ts'i'- ("til") og yé- ("om"), står også i disjunktfeltet, i lag med markørane for oblike objekt i tabellen under.
Singularis | Pluralis | |
---|---|---|
Førsteperson | es- | gu- |
Andreperson | ne- | neh- |
Tredjeperson | me- | ge- |
Kaska uttrykker tidsreferanse gjennom aspektmarkering, som i litteraturen blir kalla modus (modes) i litteraturen om athabaskaspråk. Desse prefiksa uttrykker imperfektive, perfektive og optative aspekt.
Det umarkerte imperfektiv uttrykker uavslutta handling.
Perfektiv modus (prefiks n-) fungerer stort sett i opposisjon til imperfektiv, og uttrykker avslutta handling.
Modus optativ (prefiks u- i lag med suffiks -í) uttrykker urealisert og ønskt aktivitet.
Syntaks
endreViss setninga inneheld to uavhengige nomen er rekkjefølgja SOV.
- eskie ayudeni ganehtan
- eskie ayudeni ga-Ø-ne-h-tan
- gut jente på-3sg.subj.-mod/asp-klass-sjå
- "Guten såg på jenta"
Der berre eitt argument er synleg blir subjektet og objektet halde frå kvarandre med verbprefiks:
- eskie ganehtan ("Ho såg på guten")
- eskie meganehtan
- gut 3sg.Obj...
- "Guten såg på henne"
Leddsetningar er markert med eit suffiks -i eller -í som står foran den uavhengige setninga:
"Mens han åt såg han på oss."
- etsedzi gugā́nehtān
- etsedz-i gugā́nehtān
- 3sg.eat-[leddsetn] 3.sg.såg.på.oss
Sosiolingvistisk situasjon
endreMed 300 talarar i 2011, reknar Ethnologue kaska som Status 7 (shifting). Dei fleste talarane er over 55[3] trass i fire språksamfunn (Good Hope Lake, Lower Post, Watson Lake og Ross River) der språket er undervisningsfag i skolen.[7] Kaska-ungane blir likevel ikkje kaskatalarar, fordi foreldrane deira ikkje bruker kaska heime.[4] Kaskafolket ser likevel på språket som viktig, og arbeider med ulike aktivitetar for revitalisering.[8]
Kjelder
endre- ↑ «Aboriginal Language Spoken at Home (90), Single and Multiple Responses of Language Spoken at Home (3), Aboriginal Identity (9), Registered or Treaty Indian Status (3) and Age (12) for the Population in Private Households of Canada, Provinces and Territories, Census Metropolitan Areas and Census Agglomerations, 2016 Census - 25% Sample Data». www12.statcan.gc.ca (på engelsk). Government of Canada, Statistics Canada. Henta 10. mai 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Moore, J. P. (2003). «Lessons on the Land: The Role of Kaska Elders in a University Language Course». Canadian Journal of Native Education. 27. No. 1: 127–139.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Farnell, G. (2014). The Kaska Dene: A study of Colonialism, Trauma and Healing in Dene Kēyeh. The University of British Columbia. [1]
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Meek., A. B. (2010). We Are Our Language. An Ethnography of Language Revitalization in a Northern Athabaskan Community. Tucson, Az.: The University of Arizona Press. s. 1–40.
- ↑ O'Donnell, Meghan (2004). «INFLECTIONAL AFFIXES & CLITICS IN KASKA (NORTHERN ATHABASKAN)*» (PDF). Coyote Papers XIII: Papers Dedicated to the Indigenous Languages of the Americas. University of Arizona. s. 41-74. Arkivert frå originalen (PDF) 5. mars 2016. Henta 10. februar 2014.
- ↑ [2] Moore, Patrick James. "Point of view in Kaska historical narratives". Indiana University, ProQuest, UMI Dissertations Publishing, 2003. PDF file.
- ↑ Lewis, M. Paul, Gary F. Simons, and Charles D. Fennig (eds.). 2014. Ethnologue: Languages of the World, Seventeenth edition. Dallas, Texas: SIL International. Online version: http://www.ethnologue.com.
- ↑ Meek, A. B., Messing, J. (2007). «Framing Indigenous Languages a Secondary to Matrix Languages». 2 38: 99–118. JSTOR 25166611.
- Denne artikkelen bygger på «Kaska language» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Yukon Native Language Center Arkivert 2004-12-16 ved Wayback Machine.
- Kaska Language Website, University of British Columbia
- Kaska Dena Council
- Kaska Welcome Page - First Voices
- Yukon Native Language Centre (arkivert nettstad)
- Litteratur
- Kaska Tribal Council. Guzāgi k'ū́gé': our language book : nouns : Kaska, Mountain Slavey and Sekani. [Watson Lake, Yukon]: Kaska Tribal Council, 1997. ISBN 0-9682022-0-9