Kathrine Johnsen (22. oktober 191725. juni 2002) var ein norsk-samisk lærar og tilsett i NRKs Sameradio. Ho er ein av dei viktigaste personane for samisk språk og kultur etter andre verdskrigen, og vart kalla «Sameradioens mor».

Kathrine Johnsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. oktober 1917
Tana kommune
Død

25. juni 2002 (84 år)
Tromsø kommune

Yrke lærar, kringkastingsjournalist
Språk nordsamisk, norsk
Medlem av Nordisk sameråd

Biografi endre

Johnsen var fødd i i Tana kommune og voks opp i Finnmark. Etter å ha hatt ei rekke jobbar utdanna ho seg til lærer i Tromsø. Ho var ferdig utdanna lærar i 1949. Ho jobba deretter på den samiske ungdomsskulen i Karasjok fram til 1958, med ulike pausar for vidareutdanning. Ho tok samisk grunnfag i 1968

I 1959 vart ho programsekretær i NRK, og dreiv den samiske radioen åleine i nesten ti år. Samtidig var ho òg tidvis sjef for NRK Finnmarks sendingar på norsk og samisk. I 1964 flytta ho til Tromsø, og var den einaste fast tilsette i Sameradioen der, noko som gjorde at ho hadde hovudansvaret for alle sendingane, som etter kvart gjekk til Noreg, Sverige og Finland. Då Sameradioen vart flytta til Karasjok, vart Johnsen verande i Tromsø.

Ho var aktiv i ulike former for samepolitisk arbeid, særleg i Nordisk sameråd, men hadde òg ei rekke andre verv. Ho var observatør for Norske Kvinners Nasjonalråd ved FNs 31. generalforsamling i 1976. Ho sat i ei rekke styre som for avisa Ságat, der ho var leiar, den samiske folkehøgskulen, Nordisk samisk institutt, der ho var varamedlem og ho var med i komiteen som gav ei innstilling om stadnamn i 1983. I tillegg var ho med i den samiske liturgikomiteen og den samiske salmekomiteen. Ho er representert i Norsk salmebok 2013 med ei omsetjing av Thorbjørn Egners «Jeg folder mine hender små» til samisk.

Utmerkingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre