Gilleleje er ei fiskerihamn og feriestad på den nordlegaste staden av øya Sjælland i Danmark, i Gribskov kommune i Region Hovedstaden. Det heilt nordlegaste punktet er Gilbjerg Hoved ved Gilleleje, 56°7'40" nordleg breidde. Lina tvers over havet mellom Gilbjerg Hoved og Kullen (Kullaberg) i Höganäs kommun på nordvestkysten av Skåne i Sverige er grensa mellom dei to geografiske einingane Øresund og havområdet Kattegat. Kysten austover frå Gilbjerg Hoved ved Gilleleje høyrer såleis til Øresund, medan kysten vestover høyrer til Kattegat. Folketalet i Gilleleje var 6.573 i 2013.

Hamna i Gilleleje med Nakkehoved i bakgrunnen.
Gilbjerg Hoved ved Gilleleje er det nordlegaste punktet på Sjælland, på breiddegraden 56°7'40". Den rette lina over havet herfrå til Kullen i Höganäs kommun på nordvestkysten av Skåne i Sverige er grensa mellom havområdet Kattegat og sundet Øresund.

Namnet Gilleleje endre

Namnet Gilleleje er sett saman av anten ordet "gil", som tyder ei kløft, eventuelt av ordet gilde, som tyder eit brorskap eller eit laug, og etterlekken "leje", som er ei vanleg nemning på stader der fiskarar har kome saman for å ta del i sesongfiskeri, eller på stader der naturtilhøva gjer det mogleg å lage ei hamn for fiskebåtar eller å kunne drage dei opp på land. Stadnamn med denne endinga, -leje, er ofte frå 1500-talet. På den lokale dialekten vert folk frå Gilleleje kalla gil-lejer (med trykket på den fyrste stavinga).

Gilleleje som turistby endre

Sommargjestane fann fram til Gilleleje allereie i 1880-åra, då jarnbanen vart bygd, og i 1886 stod Gilleleje Hotel og Badepensionat ferdig. No vitjar årleg ei stor mengd ferie- og badegjestar frå både Danmark og utlandet Gilleleje. Ettersom sandstrendene er lange og mange kring Gilleleje, er store område langs kysten austover mot Dronningmølle og vestover i retning av Smidstrup vorte tettbygde med ferie- og fritidshus. Det privat selskapet Gilleleje Strandbakker, vanlegvis kalla Bakkeselskabet, har som si oppgåve å kjøpe privat strandareal og halde ved like strandareal for å gjere dei om til offentlege badestrender, og skipar kvart år til ein byfest i Gilleleje for å skaffe pengar til dette føremålet. Ein utprega turistby, med forretningar, kafear og restaurantar, har det vorte av denne opphavleg vesle fiskarlandbyen kring hamna, som framleis er viktig i dei danske fiskeria ved å vere den femte største fiskerihamna i landet. Fleire av smågatene med dei stråtekte husa frå det opphavlege fiskeleiet si tid er framleis å sjå.

Jarnbanesamband endre

I Gilleleje er det sams jarnbanestasjon for dei to private jarnbanane Helsingør-Hornbæk-Gilleleje Banen, kalla Hornbækbanen, som går til Helsingør, og Gribskovbanen, som går til Hillerød. Aust for Gilleleje ligg det steile neset (klinten) Nakkehoved med fyret Nakkehoved Fyr, som saman med Kullens fyr på Kullen i Skåne i Sverige markerer kvar si side av innseglinga til Øresund.

Byen og området i farne tider endre

Det er funne spor etter opphavleg busetnad attende til 1300-talet, då fiskarane budde i primitive fiskebuer på stranda. Dette er i tida for dei store sildefiskeria som gjekk føre seg i Øresund i mellomalderen. Dei tidlegaste permanente bustadene i det som tidlegare vart skrive Gyldeleye, skriv seg frå tidleg på 1500-talet, slik det vart konstatert ved funn av gjenstandar og ei hustuft som vart arkeologisk utgrave i 1979 under laga med sand. Tufta låg slik til i høve til kysten at ein reknar med at det i dei tidene var vanleg å byggje ut staden frå sjøen og innover. I Gilleleje Museum er det utstillingar som skildrar dei store hendingane i utviklinga av området frå mellomalderen til i dag og dessutan utstillingar med arkeologisk, geologisk og ornitologiske materiale, mellom anna dei mange gull- og sølvgjenstandane i den såkalla vikingskatten frå Ramløse som vart funne i Ramløse rett nordaust for Arresø i 1994, og som er mellom dei største funna i sitt slag frå denne perioden i Danmark. Skatten har vorte grave ned på kong Gorm den gamles tid (nihundretalet) i kanten av ein gravhaug frå bronsealderen, og inneheld oppklypte arabisk sølvmynt og ei mengd heile og oppkutta smykke av sølv og gull som har vorte importerte til Danmark frå fjerne land i aust.

Bakgrunnsstoff endre