Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
Kaupanger-Revsnes-Gudvangen var eit supplerande ferjesamband i Indre Sogn mellom Kaupanger i Sogndal kommune, Revsnes i Lærdal kommune og Gudvangen i Aurland kommune som del av gamle Europaveg 68 mellom Lærdal og Gudvangen. Sambandet vart til i 1966 då ferjesambanda i Indre Sogn vart lagde opp på nytt med at nye Revsnes ferjekai erstatta gamle Lærdal ferjekai.
Kaupanger-Revsnes-Gudvangen | |||
Trasé | Kaupanger-Revsnes-Gudvangen | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1966 | ||
Nedlagd | 1995 | ||
Overtok for | Lærdal-Kaupanger-Gudvangen | ||
Erstatta av | Lærdal-Kaupanger-Gudvangen |
Likevel måtte Lærdal ferjekai brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger. Difor vart Revsnes ferjekai og vegen dit stengt umiddelbart i 1995 etter opninga av det nye riksvegsambandet Mannheller-Fodnes mellom Lærdal og Kaupanger, og Kaupanger-Revsnes-Gudvangen vart erstatta av det gamle sambandet Lærdal-Kaupanger-Gudvangen med lengre overfartstid vart sett i drift att som ei mellombels løysing til Lærdalstunnelen opna i 2000.
Kjelder
endre- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 75. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endreSjå òg
endre- Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-GudvangenDenne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.