Gudvangen ferjekai
Gudvangen har vore ein viktig stad for båttransporten sidan Fylkesbaatane fekk sitt fyrste dampskipstopp her i 1862, og turistferdsla gjennom Nærøydalen skaut fart etter at Vossabanen opna i 1883. I 1934 vart det oppretta ei bilførande korrespondanse med sambandet Lærdal-Vadheim, der ferjene møtast midtfjords og la seg attmed kvarandre for å mogleggjera køyring av bilar mellom ferjedekka. Fem år etterpå, i 1939, vart det oppretta eit nytt ferjesamband til Lærdal. Dette sambandet vart eit viktig ledd i den då komande nye stamvegen mellom aust og vest gjennom Indre Sogn, som me i dag kjenner som Europaveg 16.
Gudvangen ferjekai | |||
| |||
MF Gudvangen i Gudvangen. Nærøydalselvi som renn ut i Nærøyfjorden til venstre. Foto: lm-berlin | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Opna | 1934 | ||
Som del av | Lærdal-Gudvangen | ||
Tilknytt | Fv5623 | ||
Stad | Gudvangen | ||
Kommune | Aurland | ||
Fylke | Vestland | ||
Erstatta av | Mannheller-Fodnes, Lærdalstunnelen, | ||
Gudvangen ferjekai 60°52′51″N 6°50′28″E / 60.880831502636°N 6.8410844618784°E |
i 1966 vart det opna ei forlenging av europavegen frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 km utover fjorden, som minska overfartstida betrakteleg på sambandet til Lærdal. Med dette vart ferjesambanda lagde opp opp på nytt og ein fekk dei nye ferjesambanda Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen med supplerande Kaupanger-Revsnes-Gudvangen.
Frå 1967 til 1991 gjekk òg Gudvangen-Aurland-Flåm, som vart erstatta av Gudvangatunnelen i 1991 medan langruta til Årdalstangen vart lagd ned to år etterpå i samband med opninga av Fodnes ferjekai.
Lærdal ferjekai måtte brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger. Difor vart Revsnes ferjekai og vegen dit stengt umiddelbart i 1995 etter opninga av det nye riksvegsambandet Mannheller-Fodnes mellom Lærdal og Kaupanger, og det gamle sambandet Lærdal-Kaupanger-Gudvangen med lengre overfartstid vart sett i drift att som ei mellombels løysing. Fem år etterpå, i år 2000, opna Lærdalstunnelen. Med dette vart Europaveg 68, som no hadde nemninga Europaveg 16, ferjefri gjennom Indre Sogn. Sidan er sambandet operert i privat regi i samarbeid reiselivsnæringa, medan Kaupanger-Frønningen er skild ut som eiga offentleg fylkesvegsamband.
Liste over samband med stopp på Gudvangen ferjekai:
endre- 1934-1938: Lærdal-Vadheim med korrespondanserute til Gudvangen.
- 1939-1946: Lærdal-Gudvangen
- 1946-1966: Lærdal-Kaupanger-Gudvangen
- 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
- 1966-1995: Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
- 1968-1991: Gudvangen-Aurland-Flåm
- 1995-2000: Lærdal-Kaupanger-Gudvangen
Kjelder
endre- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 147-150. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74-75. ISBN 978-82-91722-93-1.