Lærdal-Kaupanger-Gudvangen

ferjesamband, sumarferje, tidlegare offentleg samband

Lærdal-Gudvangen var eit ferjesamband mellom Habben ved Lærdalsøyri i Lærdal kommune og Gudvangen ferjekai i Aurland kommune, og tok til i 1939 med den nyinnkjøpte MF «Lærdal» (1939). Ferja var Fylkesbaatane si fyrste skikkelege bilferje med svingskive på dekk for å snu bilane.

Lærdal-Kaupanger-Gudvangen
TraséLærdal-Kaupanger-Gudvangen
RutenettTidlegare ferjesamband i Indre Sogn
DriftselskapFylkesbaatane
Oppretta1939
Tidlegare traséLærdal-Gudvangen
Nedlagd1966
Mellombels erstatta avKaupanger-Revsnes-Gudvangen,
Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
Attoppretta1995
Nedlagd på ny2000
Erstatta avLærdalstunnelen,
Kaupanger-Frønningen
KommuneLærdal, Sogndal, Aurland
FylkeVestland
Kart
Kaupanger–Gudvangen
61°04′00″N 7°01′30″E / 61.066666666667°N 7.025°E / 61.066666666667; 7.025

I 1946 vart Kaupanger ferjekai lagt til ruta. Strekninga vart seinare del av dåverande Europaveg 68 mellom Lærdal og Gudvangen. Overfarten tok om lag 2 timar gjennom Lærdalsfjorden og Nærøyfjorden.

I 1966 vart dåverande E68 forlenga frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 kilometer nordvestover langs Sognefjorden for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen, og denne erstatta ferjekaia på Lærdalsøyri. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt, og Lærdal-Kaupanger-Gudvangen vart erstatta av Kaupanger-Revsnes-Gudvangen og Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen. Likevel måtte Lærdal ferjekai brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger. Difor vart Revsnes ferjekai og vegen dit stengt umiddelbart i 1995 etter opninga av det nye riksvegsambandet Mannheller-Fodnes mellom Lærdal og Kaupanger, og det gamle sambandet Lærdal-Kaupanger-Gudvangen med lengre overfartstid vart sett i drift att som ei mellombels løysing.

Fem år etterpå, i år 2000, opna Lærdalstunnelen. Med dette vart Europaveg 68, som no hadde nemninga Europaveg 16, ferjefri gjennom Indre Sogn. Sidan er sambandet operert i privat regi i samarbeid reiselivsnæringa, medan Kaupanger-Frønningen er skild ut som eiga offentleg fylkesvegsamband.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre