Kazuo Ishiguro
Kazuo Ishiguro (fødd 8. november 1954 i Nagasaki i Japan) er ein britisk romanforfattar. Ishiguro vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2017 for sine «romanar med stor emosjonell kraft [som] har avdekt avgrunnen under vår illusoriske kjensle av samband med verda.»[1][2]
Kazuo Ishiguro | |
Verkeleg namn | japansk カズオ・イシグロ kanji 石黒一雄 Ishiguro Kazuo |
Statsborgarskap | Storbritannia, Japan |
Fødd | 8. november 1954 (69 år) Nagasaki |
Yrke | romanforfattar, skribent, manusforfattar, forfattar, science fiction-forfattar, songtekstforfattar, låtskrivar |
Medlem av | Royal Society of Literature, American Academy of Arts and Sciences |
Far | Shizuo Ishiguro |
Mor | Shizuko Ishiguro |
Ektefelle | Lorna MacDougall |
Born | Naomi Ishiguro |
Kazuo Ishiguro på Commons |
Liv og virke
endreIshiguro vart fødd i Nagasaki i Japan, som barn av Shizuo, ein oseanograf, og Shizuko, ei heimeverande husmor.[3] Familien flytta til England i 1960 då faren hans fekk ei stilling ved National Institute of Oceanography i Guildford i Surrey.[4] Ishiguro gjekk på Stoughton Primary School i Guildford (1960-1966) og på Woking County Grammar School (1966-1973). Etter eit friår, der han m.a. haika omkring i Nord-Amerika, byrja han å studera filosofi og engelsk på University of Kent.[5] Han avbraut studia i eitt år etter det første året og arbeidde som sosialarbeid i Glasgow. Det var på denne tida at han for alvor tok til å skrive litteratur. Han tok bachelorgraden ved University of Kent i 1978, tok eit nytt friår frå studia og arbeidde som sosialarbeidar i London medan han drøymde om å verta musikar. [6] [7] I 1979 byrja han å studera skrivekunst ved University of East Anglia og tok mastergraden i 1980. [8][9][10] Forfattarane Angela Carter og Malcom Bradbury var blant lærarane der.[11] Etter at han vart ferdig med studia, arbeidet han som sosialarbeidar att, men bestemte seg for å verta heltidsforfatter då han var midt i tjueåra.
The New York Times har kalla han «ein av dei mest feira og innverknadsrike britiske samtidsforfattarane i sin generasjon», og han er vorte nominert fire gonger til Bookerprisen.[12][13] Han vann prisen i 1989 for romanen The Remains of the Day (1989), som òg vart filmatisert i 1993 med Anthony Hopkins og Emma Thompson i hovudrollene. I 2008 rangerte avisa Times han på 32.-plass på si liste over «Dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945».[14] I 2010 vart romanen hans Never Let Me Go (2005) filmatisert. Never Let Me Go vart òg kringkasta som fjernsynsserie i Japan i 2016.[15]
Prisar og utmerkingar
endre- RSL Winifred Holtby Award, 1983, for A Pale View of Hills
- Whitbread Book of the Year, 1986, for Kunstner i den flytende verden (engelsk An Artist of the Floating World)
- Booker Prize, 1989, for Resten av dagen (engelsk The Remains of the Day)
- Cheltenham Prize, 1995, for The Unconsoled
- Booker shortlist, 2000, for Tilbake til Shangai (engelsk When We Were Orphans)
- Nobels litteraturpris, 2017
- Offiser av Order of the British Empire, 1995
- Riddar av l'Ordre des Arts et des Lettres, 1998
- Æresdoktorgradar frå University of Kent, University of East Anglia og University of St. Andrews.[5]
Bibliografi
endre- (1981) Tre noveller i Introduction 7: Stories by New Writers
- (1982) A Pale View of Hills
- (1984) A Profile of Arthur J. Mason
- (1986) An Artist of the Floating World. – På norsk som Kunstner i den flytende verden, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1987)
- (1987) The Gourmet
- (1989) The Remains of the Day. – På norsk som Resten av dagen, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1990)
- (1995) The Unconsoled. – På norsk som De utrøstelige, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1995)
- (2000) When We Were Orphans. – På norsk som Tilbake til Shanghai, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2000)
- (2003) The Saddest Music in the World
- (2005) Never Let Me Go. – På norsk som Gå aldri fra meg, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2006)
- 2005) The White Countess
- (2009) Nocturnes. – På norsk som Nokturner: fem fortellinger om musikk og skumring, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2012)
- (2015) The Buried Giant
Kjelder
endre- ↑ «Kazuo Ishiguro får nobelprisen i litteratur». NRK (på norsk). 5. oktober 2017.
- ↑ «Kazuo Ishiguro - Facts». Henta 5. oktober 2017.
- ↑ A Study Guide for Kazuo Ishiguro's "The Remains of the Day". 29. juni 2016. ISBN 9781410356444.
- ↑ «Kazuo Ishiguro: 'We’re coming close to the point where we can create people who are superior to others'». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 5. oktober 2017.
- ↑ 5,0 5,1 Conversations with Kazuo Ishiguro. 2008. ISBN 9781934110621.
- ↑ «Taking Note of the Kazuo Ishiguro Archive». www.hrc.utexas.edu.
- ↑ «Kazuo Ishiguro had to work a tough job to truly understand human nature». Huck Magazine (på engelsk). 21. juni 2015. Arkivert frå originalen 5. oktober 2017. Henta 5. oktober 2017.
- ↑ Encyclopedia of British Writers, 1800 to the Present. 12. mai 2010. ISBN 9781438116891.
- ↑ Flood, Alison (5. oktober 2017). «Kazuo Ishiguro wins the Nobel prize in literature». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 5. oktober 2017.
- ↑ Adams, Tim (20. februar 2005). «Interview: Kazuo Ishiguro». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712. Henta 5. oktober 2017.
- ↑ Wroe, Nicholas (19. februar 2005). «Profile: Kazuo Ishiguro». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 5. oktober 2017.
- ↑ Alter, Alexandra; Bilefsky, Dan (5. oktober 2017). «Kazuo Ishiguro Is Awarded the Nobel Prize in Literature». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 5. oktober 2017.
- ↑ «Kazuo Ishiguro wins Nobel Prize in literature». Washington Post.
- ↑ «The 50 greatest British writers since 1945». The Times (London). 5. januar 2008.
- ↑ «TBSテレビ「金曜ドラマ『わたしを離さないで』」». TBSテレビ (på japansk).(ja-JP). TBSテレビ.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Kazuo Ishiguro i BIBSYS