Country Music Hall of Fame and Museum
Country Music Hall of Fame and Museum er ein amerikansk institusjon og museum for countrymusikk i Nashville i Tennessee. Museet har som primæroppgåve er å samla, verna om og tolka den historiske utviklinga og tradisjonane til countrymusikken. Country Music Hall of Fame er ei æresutnemning som kom i stand frå 1961, då countrylegendene Jimmie Rodgers, Fred Rose, Hank Williams blei utnemnde som dei første æresmedlemmene. Sidan har denne æresutnemninga blitt til ein årleg seanse, og i dag er ho rekna som den største ærestilvising ein kan få innan countrymusikken. I 2015 hadde museet over 1 000 000 vitjande.
Country Music Hall of Fame and Museum | |||
| |||
Country Music Hall of Fame® and Museum | |||
Adresse | 222 Fifth Avenue | ||
---|---|---|---|
Eigar | Country Music Association | ||
Arkitekt | Tuck-Hinton Architects, Ralph Applebaum and associates | ||
Opna | 1961 | ||
Country Music Hall of Fame and Museum 36°09′30″N 86°46′34″W / 36.158333333333°N 86.776111111111°W |
Country Music Hall of Fame and Museum
endreTidleg på 1960-talet avgjorde leiarane av Country Music Association (CMA) at dei trengte ein ny organisasjon til å ivareta og driva eit museum for countrymusikk og driva forsking og undervising kring sjangeren. Den ikkje-kommersielle organisasjonen Country Music Foundation (CMF) blei gjeven charter av staten Tennessee i 1964, for å samla, verna om og gje ut informasjon og gjenstandar med tilknyting til countrymusikken.[1] Gjennom CMF blei det reist midlar til å byggja Country Music Hall of Fame and Museum, som blei innvigd den 1. april 1967.[2]
Den opphavlege bygningen blei utvida i 1974, 1977, og 1984. I mai 2001 blei denne erstatta av eit nytt bygg på et nytt cirka 12 000 m². Dette blei vidare utvida til cirka 32 500 m² i 2014. Museet inneheld blant anna plakettane over alle innvalde medlemmer i Country Music Hall of Fame, to teatersalar (CMA Theater med 776 sitjeplassar og Ford Theater med 213 sitjeplassar), fleire galleri og eit stort læresenter med fleire undervisingsrom.[2]
Country Music Hall of Fame
endreUtnemningar til Country Music Hall of Fame byrja i 1961, då dei tre første blei tekne med.[3] Selve utvelgelsen blir foretatt av ei anonym gruppe innen countrymusikkindustriern, utnevnt av CMA.[3] Å bli utnemnd er rekna som ei stor ære innan countrymusikken, og blir berre gjeven til dei mest betydningsfulle innan denne musikksjangeren.[3]
Personar og grupper som er blitt inkluderte i Country Music Hall of Fame under har kronologisk rekkefølgje.[4]
- 1961 Jimmie Rodgers, Fred Rose, Hank Williams
- 1962 Roy Acuff
- 1964 Tex Ritter
- 1965 Ernest Tubb
- 1966 Eddy Arnold, Jim Denny, George D. Hay, «Uncle» Dave Macon
- 1967 Red Foley, J. L. Frank, Jim Reeves, Stephen H. Sholes
- 1968 Bob Wills
- 1969 Gene Autry
- 1970 Bill Monroe, Original Carter Family
- 1971 Arthur E. Satherley, Carson Robison
- 1972 Jimmie Davis
- 1973 Chet Atkins, Patsy Cline
- 1974 Owen Bradley, Pee Wee King
- 1975 Minnie Pearl
- 1976 Paul Cohen, Kitty Wells
- 1977 Merle Travis
- 1978 Grandpa Jones
- 1979 Hubert Long, Hank Snow
- 1980 Johnny Cash, Connie B. Gay, Original Sons of the Pioneers
- 1981 Vernon Dalhart, Grant Turner
- 1982 Lefty Frizzell, Roy Horton, Marty Robbins
- 1983 Little Jimmy Dickens
- 1984 Ralph Peer, Floyd Tillman
- 1985 Lester Flatt og Earl Scruggs
- 1986 Duke of Paducah
- 1987 Rod Brasfield
- 1988 Loretta Lynn, Roy Rogers
- 1989 Jack Stapp, Cliffie Stone, Hank Thompson
- 1990 Tennessee Ernie Ford
- 1991 Felice Bryant
- 1992 George Jones, Frances Preston
- 1993 Floyd Cramer, Willie Nelson
- 1994 Merle Haggard
- 1995 Roger Miller, Jo Walker-Meador
- 1996 Patsy Montana, Buck Owens, Ray Price
- 1997 Harlan Howard, Brenda Lee, Cindy Walker
- 1998 George Morgan, Elvis Presley, E. W. «Bud» Wendell, Tammy Wynette
- 1999 Johnny Bond, Dolly Parton, Conway Twitty
- 2000 Charley Pride, Faron Young
- 2001 Bill Anderson, Delmore Brothers, Everly Brothers, Don Gibson, Homer and Jethro, Waylon Jennings, The Jordanaires, Don Law, Louvin Brothers, Ken Nelson, Webb Pierce, Sam Phillips
- 2002 Bill Carlisle, Porter Wagoner
- 2003 Floyd Cramer, Carl Smith
- 2004 Kris Kristofferson, Jim Foglesong
- 2005 Glen Campbell, DeFord Bailey, Alabama
- 2006 Harold Bradley, Sonny James, George Strait
- 2007 Ralph Emery, Vince Gill, Mel Tillis
- 2008 Tom T. Hall, Emmylou Harris, Statler Brothers, Ernest Stoneman
- 2009 Roy Clark, Barbara Mandrell, Charlie McCoy
- 2010 Jimmy Dean, Ferlin Husky, Billy Sherrill, Don Williams
- 2011 Bobby Braddock, Reba McEntire, Jean Shepard
- 2012 Connie Smith, Hargus «Pig» Robbins, Garth Brooks
- 2013 «Cowboy» Jack Clement, Bobby Bare, Kenny Rogers
- 2014 Ronnie Milsap, Mac Wiseman, Hank Cochran
- 2015 Grady Martin, The Oak Ridge Boys, Jim Ed Brown and The Browns
- 2016 Randy Travis, Charlie Daniels, Fred Foster
- 2017 Don Schlitz, Jerry Reed, Alan Jackson
- 2018 Johnny Gimble, Dottie West and Ricky Skaggs
- 2019 Ray Stevens
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ John Rumble (2009) Country Music Foundation, Tennessee Encyclopedia of History and Culture ver. 2.0. Besøkt 2017-08-12
- ↑ 2,0 2,1 CMHF (2017b) About Arkivert 2014-04-15 ved Wayback Machine.. Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12
- ↑ 3,0 3,1 3,2 CMHF (2017c) Election process Arkivert 2019-04-04 ved Wayback Machine.. Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12
- ↑ CMHF (2017) Inductees list Arkivert 2014-04-15 ved Wayback Machine.. Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12
- Denne artikkelen bygger på «Country Music Hall of Fame and Museum» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2021.