Kfar Aza
Kfar Aza (hebraisk skrift כְּפַר עַזַּה, tyder Gazalandsbyen) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg mellom Netivot og Sderot kring tre kilometer aust for Gaza og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 760 innbyggjarar.
Kfar Aza | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sha'ar HaNegev | ||
Koordinatar | 31°29′1.31″N 34°32′2.39″E / 31.4836972°N 34.5339972°E | ||
Areal | 10 km² | ||
Folketal | 765 (2021) | ||
Grunnlagd | August 1951 | ||
• Grunnlagd av | nordafrikanske jødar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Kfar Aza 31°29′01″N 34°32′02″E / 31.483697222222°N 34.533997222222°E | |||
Kart som viser Kfar Aza.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Aza |
Landsbyen vart grunnlagd i august 1951 av immigrantar frå Egypt og den marokkanske byen Tanger som hadde fått opplæring i Ein Harod, Ayelet HaShahar og seinare Afikim. Han vart i starten kalla Yagav, men fekk namnet Kfar Aza i 1953. På den tida kunne innbyggjarane fritt vitje Gaza.
Kibbutzen vart mellombels fråflytta i 1955, og i januar 1957 flytta medlemmar av Mita'arimgar'inen inn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kfar Aza» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)
- Kfar Aza Arkivert 2016-01-26 ved Wayback Machine. Negev informmasjonssenter