Polakkar
Polakkar er ei vestslavisk folkegruppe i Sentral-Europa knytte til Polen og språket polsk. Det polske ordet for polakkar er Polacy, eintalsformene er Polak for hannkjønn og Polka for hokjønn.
Den polske grunnlova definerer alle polske statsborgarar som medlemmer av den polske nasjonen. Elles omfattar dei sju historiske regionane Stor-Polen, Vesle-Polen, Masovia, Pommern, Ermland og Schlesien tradisjonelle polske område. Den første polske statsdanninga fann stad under Piast-dynastiet, som oppretta det første kongeriket Polen i 1025.
Flesteparten av polakkane er katolikkar. I følgje CIA World Factbook tilhøyrer 89,8 % av polske statsborgarar den katolske kyrkja og rundt 75 % av dei er aktivt kristne. 1,3 % er ortodokse og 0,3 % er protestantar. Før andre verdskrigen hadde Polen den største konsentrasjonen av jødar i Europa, og dei utgjorde rundt 10 % av folketalet. Holocaust og seinare pogromar førte til at jødane nesten forsvann frå landet.[1]
Den polske diasporaen er stor, ettersom polakkar har busett seg i land som USA, Brasil og Israel (polske jødar). Mange er arbeidsinnvandrarar i andre EU- og EØS-land i kortare eller lengre periodar. Polakkar har til dømes vore den største ikkje-nordiske innvandrargruppa i Noreg i tida 1990-2010.[2]
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ History of the Jews in Poland i Engelsk Wikipedia
- ↑ [daud lenkje] Høy arbeidsinnvandring [Rettet 7. oktober 2011; 2 Innvandringer etter innvandringsgrunn og statsborgerskap. 1990-2010 (Rettet 7. oktober 2011), ssb.no
- «Polakker» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 18. april 2010.
- «Poles» på Wikipedia på engelsk, innhenta 18. april 2010.