Khulna er den tredje største byen i Bangladesh, etter Dhaka og Chittagong og administrasjonssenter for Khulna-provinsen. Sjølve byen har rundt 1 million innbyggjarar, medan storbyområdet i 2007 var rekna til 1 435 422.[1]

Khulna
খুলনা
By
Land Flag of Bangladesh.svg Bangladesh
Folketal 1 400 689 (2007)

Khulna
22°49′0″ N 89°33′0″ E
Khulna i Bangladesh.
Khulna i Bangladesh.
Wikimedia Commons: Khulna
Nettstad: http://www.khulnacity.org

Khulna ligg sørvest i landet, ved elvane Rupsha og Bhairob, sideelver som kjem ut frå Ganges i det store elvedeltaet der Ganges, Brahmaputra/Jamuna og Meghna renn ut i Bengalbukta. Sør for byen byrjar mangroveområdet Sundarbans, kjend for bengaltigerbestanden sin.

Byen ligg omtrent midtvegs mellom Dhaka, hovudstaden i Bangladesh som han har både veg-, jarnbane-, luft- og båtsamband med, og 17 mil aust for den indiske storbyen Kolkata (Calcutta). Den næraste hamna er Mongla, ca. 5 mil sør for bysentrumet.

HistorieEndra

Byen skal ha fått namnet sitt etter eit tempel ved namn Khullaneswari ved breidda av Bhairob noko aust for dagens bysentrum. Khulna var opphavleg ei underinndeling av Jessore-distriktet, frå 1842, medan Khulna-distriktet blei grunnlagd i 1884.[2] Han blei erklært som by i 1984 og som storby i 1990.[3]

Frå 1950-åra og fram til 1970 blei det skipa fleire store industriar her som seinare er blitt lagde ned. Byen hadde fleire jutefabrikkar, tre-, papir- og tekstilindustri og eit skipsverft.[2] Khulna er framleis eit sentrum for industri og handel, og er den andre største hamnebyen i Bangladesh.[3]

Khulna har fleire høgare utdanningsinstitusjonar: Brajalal College, grunnlagd i 1902, Khulna University, Khulna University of Engineering & Technology (KUET) og Khulna Medical College (KMC).

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. 2007 Population Estimate (PDF). Retrieved on 19 August 2009. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. 2,0 2,1 About KCC, khulnacity.org
  3. 3,0 3,1 Basic Statistics, khulnacity.org