Kikki Danielsson
Kikki Danielsson (fødd 10. mai 1952) er ein svensk songar[1] innan country- og dansebandmusikk. Ho spelar også trekkspel og har verka noko som låtskrivar. Danielsson er også blitt kjend for å jodla i nokre songar, som i «Cowboy Yodel Song», «Rock'n Yodel» og «En tokig sång».
Kikki Danielsson | |||
Kikki Danielsson | |||
Fødd | 10. mai 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Visseltofta i Sverige | ||
Fødenamn | Ann-Kristin Danielsson | ||
Alias | Kikki Danielsson | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 1969- | ||
Sjanger | Country Danseband Schlager | ||
Instrument | Trekkspel | ||
Tilknytte artistar | Elisabeth Andreassen Chips Wizex Roosarna Kjell Roos Lotta Engberg Kikki, Bettan & Lotta | ||
Verka som | Songar | ||
Gift med | Kjell Roos |
Kikki Danielsson hadde sin største popularitet i Norden frå enden av 1970-talet til enden av 1990-talet.
Ho byrja karrieren som vokalist og forgrunnsfigur i dansebandet Wizex i 1973, ei gruppe ho var med i fram tl 1982. Ho var med i musikkgruppa Chips frå 1979 til 1982. Ho deltok med begge gruppene i Melodifestivalen; i 1982 gjekk Chips sigrande ut og deltok i Eurovision-tevlinga. Songen «Dag efter dag» enda opp på åttandeplass.
Kikki Danielsson byrja som soloartist i 1979, det første soloalbumet frå dette året var Rock'n Yodel. Ho gjorde solodebut ved den svenska Melodifestivalen i 1983 med låten «Varför är kärleken röd?», som kom på andre plats. Ein av hennar mest kjende låtar, «Bra vibrationer» sigra i den svenske Melodifestivalen 1985 og enda på tredjeplass i Eurovision Song Contest i Göteborg same året.
Som artist har Kikki Danielsson vore fleire gonger på Svensktoppen, både med melodifestivalsongane og med andre, som «Papaya Coconut» som var populær i 1987. I 1989 låg ho på Svensktoppen i 17 veker med låten «Lätta dina vingar».
På 1980-talet medverka Danielsson også i radio- og fjernsynsprogram i USA. I 1984 drog ho til Nashville og spelte inn countryalbumet Midnight Sunshine, og blei utnemnd til heidersborgar av byen.[2] I 1986 hadde ho TV-showet Kikki i Nashville.
Diskografi
endreAlbum
endre- Rock'n Yodel (1979)
- Just Like a Woman (1981)
- Kikki (1982)
- Varför är kärleken röd? (1983)
- Singles Bar (1983)
- Midnight Sunshine (1984)
- Kikkis 15 bästa låtar (1984)
- Bra vibrationer (1985)
- Papaya Coconut (1986)
- Min barndoms jular (1987)
- Canzone d'Amore (1989)
- På begäran (1990)
- Vägen hem till dej (1991)
- Jag ska aldrig lämna dig (1993)
- 100 % Kikki (2001)
- Fri - En samling (2001)
- Nu är det advent (2001)
- I dag & i morgon (2006)
- Kikkis bästa (2008)
- Första dagen på resten av mitt liv (2011)
- Postcard from a Painted Lady (2015)
- Christmas Card from a Painted Lady (2016)
- Portrait of a Painted Lady (2017)
Kjelder
endre- ↑ Kikki Danielsson ved Discogs.
- ↑ «Poplight». Henta 27. januar 2012. Arkivert 2010-10-27 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Kikki Danielsson» frå Wikipedia på svensk, den 22. mai 2017.