Kikongo
Kikongo er eit bantuspråk som vert brukt av bakongofolk og bandunufolk som lever i dei tropiske skogane i Den demokratiske republikken Kongo, Republikken Kongo og Angola.
Kongo Kikongo | ||
Klassifisering | Niger-kongo Atlantisk-kongo Benue-kongo Bantoid Bantu Sentralbantu Kongo | |
Bruk | ||
Tala i | Angola Den demokratiske republikken Kongo Republikken Kongo | |
Kongotalande i alt | ca. 7 millionar | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | kg | |
ISO 639-3 | kon | |
Wikipedia på kongo |
Språket er tonalt og danna basisen for språket kituba, ein kreolsk bantuspråk og vert brukt mykje som lingua franca i deler av Vest-Afrika. Kongo vart snakka av mange menneske som vart selt som slavar i Amerika. Ein kan difor finna kreolvariantar av språket i rituelt bruk i blant anna Brasil, Jamaica, Cuba og Haiti. Det er òg ein av kjeldene til gullahfolkets språk og palenquerokreol i Colombia. Det finst om lag sju millionar menneske som har kikongo som morsmål, og kanskje to millionar i tillegg som har det som andrespråk.
Skriftspråk
endreKikongo var det første av alle bantuspråk som brukte det latinske alfabetet. Det finst kjelder som nemner at ein katekisme vart omsett til språket på befaling av ein portugisisk jesuitt, fødd i Kongo 1557, ved namn Diogo Gomes. Det finst likevel ingen versjonar av denne i dag. I 1624 tok Mateus Cardoso, ein annan portugisisk jesuitt, på seg oppgåva med å revidera og publisera ei kikongoomsetjing av den portugisiske katekismen (Marcos Jorge). Innleiingskapitlet i denne katekismen gjev informasjon om at omsetjinga vart gjort av kikongolærarar frå São Salvador (dagens Mbanza Kongo) og den innfødde Felix do Espírito Santo var mest sannsynleg òg med i arbeidet. Kongo vart det første bantuspråket som fekk ordbok. Ordboka vart skrive rundt 1648 til bruk av capuchinmisjonærer og den største bidragsytaren var Manuel Reboredo, ein sekulær prest frå Kongo som sidan vart ein del av capuchinfelleskapet som Francisco dei São Salvador. Bakarst i denne ordboka finn ein ein preken skrive ned på språket. Ordboka har rundt 10 000 ord.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kikongo» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2015.