Njaruanda
Njaruanda er eit bantuspråk i nigerkongo-familien som primært blir snakka i Rwanda, der det er eit offisielt språk, og dessutan i sørlege Uganda og tilgrensande område av Den demokratiske republikken Kongo. Njaruanda er innbyrdes forståeleg med rundi, som blir snakka i Burundi.
Njaruanda Kinyarwanda | ||
Klassifisering | Nigerkongo Atlantisk Voltakongo Benuekongo Bantoid Sørbantoid Bantuspråk Sentralt J J.60 | |
Bruk | ||
Tala i | Rwanda Uganda Den demokratiske republikken Kongo | |
Njaruandatalande i alt | 7 504 900[1] | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Rwanda | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | rw | |
ISO 639-2 | kin | |
ISO 639-3 | kin | |
Wikipedia på njaruanda |
I likskap med dei fleste andre språk i Afrika sør for Sahara er njaruanda eit tonespråk. I likskap med andre bantuspråk er det eit agglutinerande språk og har eit nominalklassesystem.
Morfologi
endreSubstantiv
endreNjaruanda har, som alle bantuspråk, eit system med substantivklassar, der kvart substantiv høyrer til to klassar, ein for eintalsforma og ein for fleirtalsforma. Klassetilordninga for dei ulike substantiva er avhengig av tydinga til ordet, og går fram av prefikset, der kvart ord i same klasse har same prefiks. Prefiksa varierer også med grammatisk funksjon, som vist i tabellen. Njaruanda har 16 ulike substantivklassar.
Klasse | Prefiks | Skildring | Tal | Døme | Omsetjing | Adjektiv | Subjekt | Objekt | Possessor | Demonstrativ |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | umu-, umw- | menneske | sg | umuntu, umwarimu | mu- | n-, u-, a- | -n-, -ku-, -mu- | wa | uyu | |
2 | aba-, ab- | pl | abantu, abarimu | ba- | tu-, mu-, ba- | -tu-, -ba-, -ba- | ba | aba | ||
3 | umu-, umw- | tre, buskar og lange ting | sg | umusozi, umwotsi | mu- | u- | -wu- | wa | uyu | |
4 | imi-, imy- | pl | imisozi, imyotsi | mi- | i- | -yi- | ya | iyi | ||
5 | i-, iri- | mengdeord, kroppsdelar, væske | sg | ifaranga, iryinyo | ri- | ri- | -ri- | rya | iri | |
6 | ama-, am- | pl | amafaranga, amenyo | ma- | a- | -ya- | ya | aya | ||
7 | iki-, icy-, igi- | generelle nemningar, store ting | sg | ikintu, icyaha, igitabo | ki- | ki- | -ki- | cya | iki | |
8 | ibi-, ibi- | pl | ibintu, ibyaha, ibitabo | bi- | bi- | -bi- | bya | ibi | ||
9 | i-, in-, inz- | visse plantar, dyr, og husgeråd | sg | ifi, inka, inzoga | n- | i- | -yi- | ya | iyi | |
10 | pl | n- | zi- | -zi- | za | izi | ||||
11 | uru-, urw- | blandingskategori | sg | urugi, urwego | ru- | ru- | -ru- | rwa | uru | |
12 | aka-, ak-, aga- | diminutivformer av andre substantiv | sg | akantu, akitso, agacupa | ka- | ka- | -ka- | ka | aka | |
13 | utu-, utw-, udu- | pl | utuntu, utwitso, uducupa | tu- | tu- | -tu- | twa | utu | ||
14 | ubu-, ubw- | abstrakte substantiv, kvalitet, tilstand | n/a | ubuntu, ubwana | bu- | bu- | -bu- | bwa | ubu | |
15 | uku-, ukw-, ugu- | handlingssubst., verbalnomen, gerundium | n/a | ukuntu, ukwezwa, ugukiranuka | ku- | ku- | -ku- | kwa | uku | |
16 | aha-, ah- | stader | n/a | ahantu, ahirengeye | ha- | ha- | -ha- | ha | aha |
Kjelder
endre- ↑ Njaruanda hos Ethnologue
Bakgrunnsstoff
endre- Kinyarwanda.net Njaruanda–engelsk ordbok og grammatikk Arkivert 2011-08-19 ved Wayback Machine.
- Kinyarwanda phonology case study frå University of Texas
- PanAfrican si lokaliseringsside for njaruanda og rundi
- Kinyarwanda–English Dictionary by Betty Ellen Cox Arkivert 2011-07-26 ved Wayback Machine.