Kirsten Ohm
Kirsten Ohm (27. september 1930–20. juli 1999)[1] var ein norsk diplomat og ei føregangskvinne i norsk utanriksteneste. Ho var den fyrste kvinnelege ambassadøren for Noreg.[2]
Kirsten Ohm | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. september 1930 Narvik |
Død |
20. juli 1999 (68 år) |
Yrke | statsvitar |
Partnar | Gidske Anderson |
Kirsten Ohm på Commons |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreOhm vart fødd i Narvik, men vaks opp i Stavanger. Ho var elev ved Kongsgård skole i Stavanger.[3] I 1956 avla ho magistergrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo med oppgåva Mandatsystemet under Folkeforbundet. Tilsynssystemet under De forente nasjoner. En statsvitenskapelig analyse av den politiske målsetting og de politiske resultater. Ho var den første kvinna til å fullføre denne utdanninga.[4] Etter endt utdanning i Noreg var ho stipendiat ved SN i New York og hadde eit opphald ved Bryn Mawr College, deretter følgde ein periode som NATO-stipendiat ved London School of Economics og ved Harvard University.[5]
Utanriksteneste
endreI 1959 avla Ohm aspiranteksamen i Utanriksdepartementet.[6] Ho var kvinne nummer to som gjorde dette, men den fyrste som faktisk byrja å arbeide som diplomat.[7] Frå 1961 til 1964 var ho ambassadesekretær ved den norske ambassaden i Frankrike, deretter var ho frå 1964 til 1967 ambassadesekretær ved den norske delegasjonen til SN i New York.[1] I åra 1967 til 1972 var ho tilbake i departementet i Oslo,[1] der ho i 1971 vart byråsjef.[8] Året etter vart ho ambassaderåd ved den norske ambassaden i Paris.[9] Ho var den fyrste kvinna som nokon gong hadde fått ei slik utnemning i norsk diplomati.[10] I sin diplomatiske karriere arbeida Ohm særleg tett med utanriksministrane Halvard Lange og Knut Frydenlund.[11]
Då Noreg oppretta ein fast representasjon ved Europarådet i Strasbourg, vart Ohm den fyrste stasjonssjefen. Utnemninga vekte mediemerksemd allereie før ho formelt fann stad,[12] i ei tid der avisene skreiv om «skrikende mangel» på kvinner i norsk diplomati.[13] Ho tiltredde som ambassadør ved Europarådet i 1975, som den fyrste kvinnelege ambassadøren i norsk utanriksteneste. Ho var ambassadør i Strasbourg til 1981 og vende tilbake til departementet i Oslo, der ho vart spesialrådgjevar. I 1987 følgde utnemning til ein ny ambassadørpost, denne gongen i Irland.[14] Ohm vendte tilbake til Norge i 1992 og vart pensjonert i 1997.
Ohm er omtala som ein rollemodell for kvinner i norsk diplomati.[11] Ho skildra i 1983 sjølv erfaringane sine som ambassadør i Strasbourg i eit kapittel i ei bok om diplomati.[15]
Ohm var kommandør av St. Olavs Orden.[16]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Aftenposten, 27. september 1980, s. 18.
- ↑ Iver B. Neumann og Halvard Leira: Aktiv og avventende. Utenrikstjenestens liv 1905-2005, Oslo: Pax, 2005, s. 472–473.
- ↑ Stavanger Aftenblad: «Pragmatisk diplomat med nyfeministiske sympatier», 21. juli 1972 s.3.
- ↑ «Magister i statsvitenskap», Aftenposten, 1. juni 1956, s. 4.
- ↑ Berit Vikdal: «Ambassadør med røtter i Vestlands-Norge», Aftenposten, 6. november 1976.
- ↑ Aftenposten, 19. juni 1959, s. 4.
- ↑ «Veien er åpnet, resten står til kvinnene selv! Nøktern, jordnær og ytterst kunnskapsrik er Kirsten Ohm, vår første kvinnelige diplomat», Aftenposten (aften), 6. juli 1959, s. 2.
- ↑ «Offisielt fra statsråd», Aftenposten, 23. august 1971, s. 13.
- ↑ «Offisielt fra statsråd», Aftenposten, 24. juni 1972, s. 16.
- ↑ «Første kvinne ambassaderåd», Aftenposten, 4. september 1972, s. 4.
- ↑ 11,0 11,1 Heidi Solheim Johansen: «Kvinnelige ambassadører i 25 år», Aftenposten, 19. desember 1999, s. 15.
- ↑ «Første kvinnelige ambassadør i vente», Aftenposten, 19. september 1974, s. 7.
- ↑ «Skrikende mangel på kvinner i UD», VG, 4. april 1975, s. 58. Artikkelen viser til at Ohm er den første og einaste kvinnelege ambassadøren til Noreg, og at Noreg ligg etter andre land med omsyn til kvinner i utanrikstenesta.
- ↑ «Nytt fra statsråd», Aftenposten, 17. oktober 1987, s. 22.
- ↑ Kirsten Ohm (1983). «Ambassadør. Kvinne blant menn». I Ingegerd Galtung og Alf R. Bjercke. Fra diplomatiets verden. Atheneum. s. 133–139. ISBN 82-7334-0023.
- ↑ Norges statskalender 1993, Oslo: Grøndahl Dreyer, 1993, s. 633.
- Denne artikkelen bygger på «Kirsten Ohm» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mars 2023.