Kismul
Kismul er ein gard i Fana i Bergen kommune på sør- og søraustsida av Kalandsvatnet.
Kismul | |||
stad | |||
Kismul
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 85 | ||
Ferdselsårer | Kismulvegen | ||
Wikimedia Commons: Kismul |
Det er framleis gardsdrift på garden.
Namn
endreNamnet kan ha samanheng med det norrøne kjóss, som tyder «lita vik» og múli, som tyder mule, som i eitt breitt nes eller ein bergknaus.
Historie
endreGarden høyrte i mellomalderen til Lyse kloster, og etter reformasjonen til Lyseklostergodset. Frå kring 1874-1876 i bondesjølveige.
Nesttun-Osbanen hadde ein stasjon på Kismul.
Geografi
endreGarden dekkjer den austlege delen av sørsida langs Kalandsvatnet, vest for Kalandseidet. Den austlege grensa går ved Ertrevågen, og sørover til kommunegrensa mot Os, like nord for Lyshornet (405 moh). Den vestlege grensa går frå midten av Ulvvatnet og nordover.
Garden grensar til Fortunet i aust, Kaland og Austevoll i nordaust, Smådal i nord, Sæle i vest, og Hamre i sørvest. I sør ligg Os kommune.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.