Klatresmettar

familie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Klatresmettfamilien)

Klatresmettar, Acanthisittidae, er ein biologisk familie av små sporvefuglar, endemiske for New Zealand. Dei var tidlegare representerte med seks artar i fire-fem slekter, men berre to (tre) artar har overlevd fram til i dag.

Klatresmettar
Xenicus lyalli, utdøydd
Xenicus lyalli, utdøydd
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Klatresmettar Acanthisittidae
Sundevall, 1872

Klatresmettar er for det meste insektetarar i skogshabitat på New Zealand, fjellklatresmett er avgrensa til alpine område. Dei nolevande artane er dårlege flygarar og fire av dei fem utdøydde artar er kjente eller er mistenkte for å ha mangla evne til flyging. Fjørdrakta er einsformig brungrøn hos artar der fjørdrakta er kjent. Klatresmettar dannar monogame parforhold og legg egga i små reir i tre eller blant steinar. Dei er dagaktive og som alle sporvefuglar på New Zealand er dei for det meste stillesitjande.

Klatresmettar, som mange andre fuglegrupper på New Zealand, vart råka av fleire utryddingar etter at mennesket kom til øygruppa. To artar er berre kjente frå fossilar, dei blei utrydda av menneske og polynesiske rotter. Ein tredje art, Xenicus lyalli, engelsk namn 'Stephens Island Wren' blei utrydda på hovudøyane, overlevde berre som eit relikt blant folk på Stephens Island i Cooksundet. Xenicus lyalli blei utrydda etter at europearane kom, gråklatresmett var sist observert i 1972. Av dei to sikre attverande artane er skogklatresmett framleis vanleg både på Nordøya og Sørøya, medan fjellklatresmett berre finst i alpine område på Sørøya og reknast som sårbar.

Distribusjon og habitat

endre

Klatresmettar er endemiske for og avgrensa til dei største øyane på New Zealand og til mindre øyar utanfor hovudøyane i landet. Dei er ikkje funne på store øyar utanfor New Zealand som Chathamøyane og Kermadec Islands. Dei utvikla seg i fråvære av pattedyr gjennom mange millionar av år. Introduksjon av pattedyr på New Zealand skapte ei bølgje av utrydding og klatresmettar fekk generelt eit mykje mindre utbreiingsområde. Før menneske kom hadde dei ein omfattande distribusjon over heile Nordøya, Sørøya og Stewart Island / Rakiura. Som alle andre sporvefuglar på New Zealand er klatresmettar standfuglar, og ein kjenner ikkje til at dei kan foreta migrasjonar.

 
Leveviset vinterstid til fjellklatresmett er ikkje kjent. Ein trur arten held seg i same habitat som om sommaren, over snøgrensa.
  • Fjellklatresmett, Xenicus gilviventris, er spesialisert for det alpine miljøet, i område med lågt kratt og i ur frå 900 moh. opp til 2400 moh. Fossile funn viser at fjellklatresmett var meir spreidd i fortida og dessutan levde på Nordøya. Fjellklatresmett er no avgrensa til Sørøya og populasjonen minkar.[1]
  • Skogklatresmett, Acanthisitta chloris, har ei bestandsutvikling som har vore kopla til skogfelling i landbruket, men arten har òg utvida utval av habitat ved å flytte inn i plantasjar av introduserte eksotiske furutre, hovudsakleg monterey. Dei flyttar seg òg inn i andre menneskemodifiserte habitat når desse grensar til naturleg skog.[2]
  • Gråklatresmett, Xenicus longipes, var utbreidd i sørleg bøkeskog og podocarp-lauvtre, dessutan fanst gråklatresmett òg i kystskog og kratt. Både Clementslista versjon 6,4[3] og IOC-lista[4] tar med gråklatresmett blant nolevande klatresmettar jamvel om IUCN reknar arten som utdøydd.[5]

Morfologi

endre

Klatresmettar er små fuglar, skogklatresmett er den minste av alle fuglar på New Zealand. Lengda varierer frå 7 cm til 10 cm, og vekta frå så lite som 5-7 gram for skogklatresmett til estimert 50 gram for den utdøydde slekta Pachyplichas. Fjellklatresmett og truleg òg gråklatresmett veg mellom 14 og 22 gram.

Fjørdrakta til klatresmettar er i dag berre kjent for dei fire artane som europearar har observert. Alle desse artane har matt grøn og brun fjørdrakt, og alle unntatt Xenicus lyalli har ein framtredande supercilium over auget. Kjønna har vore like hos Xenicus lyalli og gråklatresmett (Higgins 2002).[2] Fjellklatresmett viser liten kjønnsdimorfisme i fjørdrakta og ulikskap mellom kjønna i fjørdrakt av skogklatresmett er markert, der hannfuglen har lys, grøn overside er hoa meir grå og brun.

Fjellklatresmett så vel som skogklatresmett viser òg kjønnsdimorfisme i storleik, uvanleg for sporvefuglar er det hofuglen som er større enn hannen.[2] Hofuglen av skogklatresmett syner òg andre ulikskapar frå hannfuglen, dei har eit litt meir kvelvet nebb og ei større bakklo.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «New Zealand wren» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2010. Artikkelen gav følgjande kjelder:
    • Cooper A. & Cooper R. (1995) "The Oligocene Bottleneck and New Zealand Biota: Genetic Record of a past Environmental Crisis" Proceedings of the Royal Society of London, Series B. 261(1362) 293-302.
    • Ericson P, Christidis L, Cooper, A, Irestedt M, Jackson J, Johansson US, Norman JA., (2002) "A Gondwanan origin of passerine birds supported by DNA sequences of the endemic New Zealand wrens." Proc Biol Sci. 269(1488):235-41.
    • Fuller, E. (2002) Foreword; Extinct Birds Pp. 11–69 in del Hoyo J., Elliott A. & Christie D.A. (2004) Handbook of the Birds of the World. Volume 7. Jamacars to Woodpeckers Lynx Edicions, Barcelona ISBN 84-87334-37-7
    • Higgins P.J., Peter J.M & Steele W.K. (Eds) (2001). Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic Birds. Volume 5: Tyrant-flycatchers to Chats Oxford University press, Melbourne. ISBN 0-19-553244-9

Referansar

endre
  1. Michelsen-Heath, Sue; Peter G. Gaze (2007). «Changes in abundance and distribution of the rock wren (Xenicus gilviventris) in the South Island, New Zealand». Notprnis 54 (2): 71–78. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gill, B.J. (2004). «Family Acanthisittidae (New Zealand wrens)». I Josep, del Hoyo; Andrew, Elliott; David, Christie. Handbook of the Birds of the World. Volume 9. Cotingas to Pipits and Wagtails. Barcelona: Lynx Edicions. s. 464–474. ISBN 84-87334-69-5. 
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lese 13. august 2010
  4. Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2010. IOC World Bird Names (version 2.4) Lese 13. august 2010
  5. IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.2. Lese 13. august 2010

Bakgrunnsstoff

endre