Skogklatresmett

art av sporvefuglar
Skogklatresmett
Skogklatresmett, hofugl til venstre, hannfugl til høgre Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Skogklatresmett, hofugl til venstre, hannfugl til høgre
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Skogklatresmett
Utbreiinga av Skogklatresmett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Klatresmettar Acanthisittidae
Slekt: Acanthisitta
Art: Skogklatresmett A. chloris
Vitskapleg namn
Acanthisitta chloris

Skogklatresmett, Acanthisitta chloris, (maori: 'Tītipounamu') er ein liten insektetande sporvefugl som er endemisk for New Zealand. Han tilhøyrer klatresmettfamilien, Acanthisittidae, som ein av berre to overlevande artar. Skogklatresmetten liknar ein gjerdesmett i form, men er ikkje relatert til gjerdesmettfamilien, Troglodytidae, og heller ikkje til alvesmettar i Australia.

Skildring endre

Skogklatresmetten er minste fuglen på New Zealand, fullt utvaksen rundt 8 centimeter, noko mindre enn arten gjerdesmett. Hannfuglar veg typisk rundt 6 gram, hoer 7 g. Hannar har klår, gulgrøn overside medan hoa har ein meir mørk brunaktig tone med flekker i okerfarge på hovud og rygg. Fjørdrakta hos begge kjønna er kvit på strupe, bryst og underside, og dei har kvite augebrynstriper. Kroppssidene er gulaktige. Dei har korte, runde venger, ein svært kort hale, og eit langt, tynnt sylliknande nebb som er vendt litt opp for å komme inn i sprekkar i bork. Skogklatresmettar flyg snøgt med vengeslag som gjev ein karakteristisk summande lyd liknande ein kolibri. Lætet er eit skarpt og særs høgfrekvent 'zipt'.[1]

Dei føretrekte habitata til denne fuglearten er tynn skog. Skogklatresmetten er den mest utbreidde av dei to artane i familien på hovudøyane. Men fuglen kjem sjeldan til breiddegradar nord for Te Aroha i WaikatoNordøya. Underarten på Nordøya, granti, finst hovudsakleg i tawaskog i låglandet, medan underarten på Sørøya, chloris, er funne både i lauvskog i høglandet og i låglandet, skogkledd med podocarp.

Skogklatresmettar er insektetande og søkjer etter flugelarver og små insekt på trestammer og blant nedfallsblad på skogbotnen. Skogklatresmettar søkjer etter mat på liknande vis som artar av trekryparfamilien. Fuglen byrjar søket sitt frå botnen av eit tre og klatrar opp gradvis i ein spiral opp rundt stammen. Når søket er avslutta på eit tre, glir fuglen ned til foten av eit nabotre og byrjar nytt søk.

Klatresmettpara vernar territoriet sitt gjennom heile året. Hannfuglen byrjar på fleire reir, men hoa vel å gjere eit av dei ferdig. Reiret ligg mest vanleg i eit hòl i ein trestamme, typisk 3-6 meter over bakken,[1] men dei kan òg nokre gongar byggje det inn i fjellsprekker eller i hòlrom i bakken. Reirinngangen er ofte så trong at fuglen slit med å kome inn. Reiret har oftast ei kuppelform og er fint vove med strå, dunfjører og andre typar lyse material. Rugetida varar i 10-12 dagar[1] og kvart kull er typisk 4 egg. To kull per år er vanleg.

Arten har status som verna endemisk utan å vere trua, og bestanden er trudd å vere minkande grunna habitatstap.[2]

Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011:[3]

  • Acanthisitta chloris granti, Nordøya og nærliggjande øyar
  • Acanthisitta chloris chloris, Sørøya

Kjelder endre

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson (2005)
  2. BirdLife International 2012
  3. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skogklatresmett