Klevfos Cellulose- & Papirfabrikk

Klevfos Cellulose- & Papirfabrikk er ein tidlegare fabrikk ved Svartelva i Løten kommune i Innlandet som produserte cellulose og papir. Den vart etablert i 1888, og var i drift til 17. september 1976[1]. Etter dette vart den gjort om til Klevfos Industrimuseum. Fabrikkbygningane står oppført på Riksantikvarens liste over tekniske og industrielle kulturminne, og får pengar over statsbudsjettet til vedlikehald og istandsetting.

Klevfos Cellulose- & Papirfabrikk

Historie endre

Klevfos Cellulosefabrik A/S vart etablert ved Svartelva i Løten i 1888. To gründerar frå Hedmark, Helge Væringsaasen og Søren Sørensen, stod bak den nye verksemda. Mykje av utstyret og maskiner vart produsert på det nærliggjande Aadals Brug Jernstøberi og Mekaniske Verksted.

Dei fyrste åra vart det berre produsert cellulose for sal, men allereie i 1892 vart det kjøpt ei papirmaskin. Gjennom heile historia på Klevfos vart det utelukkande produsert kraftpapir, eller gråpapir som det oftast blir kalla. Papiret gjekk hovudsakleg til emballasje.

Den fyrste fabrikkbygningen frå 1888 brant i 1909, og det vart bygd opp igjen ein ny og moderne fabrikk i teglstein som var i drift frå 1911[2]. Det vart kjøpt inn ny papirmaskin og anna utstyr, og ikkje minst vart det lagt inn straum frå ein nybygd kraftstasjon ved Skjefstadfossen i Elverum. Klevfos var Noregs minste papirfabrikk med ein produksjon på opp mot 3 000 tonn i året på det meste.

Eigarane frå 1888 til 1917 var Klevfos AS, eit aksjeselskap med eigarar hovudsakleg frå Hedmark. I 1917 vart aksjane selt til Union & Co, eit av dei store industriføretaka på den tida. Då Union ville avvikle drifta på midten av 1950-talet, overtok etter kvart Løiten Almenning som eigar. Dei heldt det gåande heilt fram til det vart nedlagt i 1976.

Frå 1913 til 1952 hadde fabrikken same styrar, lokalmannen ingeniør Eivind Torp, som var gift med Oleane Engeloug frå fabrikkens nabolag. Eivind Torp døde året etter at fabrikken ble nedlagt for godt. Oleane har malt bileta på veggane i styrarbustaden.

Arbeidarane på Klevfos vart rekruttert blant jord- og skogsarbeidarar i området, og arbeidsplassen var populær. Klevfos betalte ikkje godt, men verksemda betalte alltid regelmessig og var ein sikker arbeidsplass. Mange starta som nykonfirmerte og vart der livet ut. Det var og ein del kvinner som arbeidde på Klevfos. Arbeidsoppgåvene til kvinnene var fyrst og fremst i å sortere og telle ark som skulle pakkast før det vart sendt.

I 1976 vart fabrikken lagt ned. Allereie i 1979 vart det tatt initiativ til å bevare den som eit kulturminne. I 1980 vart fabrikken, ein del andre bygningar og store deler av fabrikktomta overdratt frå Løiten Almenning til Klevfos Industrimuseum. Museet vart offisielt opna i 1986, og er i dag ein del av Norsk Skogmuseum og Hedmark fylkesmuseum.

Bakgrunnsstoff endre

Referanser endre

  1. Møller (1983), s. 147.
  2. Sætherskar (1952). s. 233.

Bøker endre

  • Karseth, Tor (2000). Streif av dag å dikte på- : sangbok fra Mattisrud, Klevfos og Ilseng. T. Karseth. 
  • Møller, Arvid (1983). Sigurd fra Klevfos. Tiden. 
  • Sætherskar, Johs (1952). Det Norske næringsliv. 11 : Hedmark fylkesleksikon. Det norske næringslivs forlag.