Klyvtveitelva
Klyvtveitelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Elva er 1,0 km lang (4,1 km regna frå kjeldene på Flatefjellet), og har eit nedbørfelt på 5,1 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 0,68 m³/s.[1]
Klyvtveitelva | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Nedslagsfelt | 5,1 km² | ||
Lengd | 4,1 km | ||
Middelvassføring | 0,68 m³/s | ||
Kjelde | Klyvtveitvatnet | ||
• høgd | 398 moh. | ||
Munning | Austgulfjorden | ||
• høgd | 0 moh. | ||
Klyvtveitelva 60°58′40″N 5°16′52″E / 60.97777778°N 5.28111111°E |
Elva byrjar som ei rekkje små bekker på Flatefjellet sør for Klyvtveitvatnet og på Blåfjellet i nord. Bekkene blir samla i Klyvtveitvatnet, og frå nordenden av vatnet renn Klyvtveitelva nordover i eit bratt fall på vestsida av Blåfjellet ned til munningen i Austgulfjorden ved Klyvtveita, 2 km vest-sørvest for Austgulen.
Klyvtveitelva er utbygd til kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk, som utnyttar fallet frå Klyvtveitvatnet ned til Austgulfjorden. Kraftverket vart ferdig i 2006, og etter utbygginga er elva stort sett tørrlagt heile tida. Vatn frå to innsjøar i nærliggande elvar i det varig verna Yndesdalsvassdraget, Austgulstølvatnet i Steinsdalelva og Transdalsvatnet i Dalelva, er òg overført til Klyvtveitvatnet. Overføringane gjer at vassføringa til kraftverket blir meir enn fordobla i tilhøve til Klyvtveitvatnets naturlege tilsig.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
Bakgrunnsstoff
endre- Bilde av Klyvtveitelva frå Sogn og Fjordane fylkesarkiv