Knocked Out Loaded

studioalbum av Bob Dylan
Knocked Out Loaded
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 14. juli 1986
Innspelt April til juni 1986
Sjanger Rock
Lengd 35:18
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi 
Empire Burlesque
(1985)
Knocked Out Loaded Down in the Groove
(1988)


Knocked Out Loaded er det 24. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records den 14. juli 1986.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Robert Christgau(B)[2]
Entertainment WeeklyB–[3]
MusicHound1.5/5[4]
Rolling Stone3/5 stars[6]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[5]

Albumet fekk dårleg kritikk då det kom ut og vert framleis av somme kritikarar rekna som eit av dei dårlegare albuma til Dylan. Den 11 minuttar lange, episke «Brownsville Girl», skriven i lag med Sam Shepard, har likevel vorte omtalt som ein av dei beste songane hans av enkelte kritikarar.[7]

Albumet selde dårleg og nådde 53. plassen i USA, 35. plassen i Storbritannia og niandeplassen i Noreg.

Komposisjon endre

Albumet inneheld tre coverversjonar, tre samarbeid med andre låtskrivarar og to songar av Dylan sjølv. Det meste av albumet vart innspelt våren 1986, men innspelinga eller miksinga av eit av spora, «Got My Mind Made Up», skjedde i juni. Fleire av songane på albumet var baserte på innspelinga frå 1984 og 1985.

Plateomslag endre

Plateomslaget er ei omarbeiding av framsida av Spicy Adventure Stories-utgåva frå januar 1939.

Mottaking endre

Albumet fekk stort sett negativ kritikk og berre ein nyskriven versjon av eit unytta opptak («New Danville Girl», omdøypt «Brownsville Girl») frå Empire Burlesque-innspelingane fekk positiv omtale. Robert Christgau kalla songen «ein av dei flottaste og mest latterlege av Dylan sine store, latterleg episke songar.»

«Knocked Out Loaded er til sjuande og sist deprimerande», skreiv Anthony DeCurtis i meldinga si for Rolling Stone, «fordi den slurvete karakteren av eit lappverk indikerer at Dylan ikkje gav ut dette albumet fordi han hadde noko særskild å sei, men fordi han skulle få godt betalt på turneen hans i 1986. Enno verre er det at det indikerer at Dylan totalt manglar ei kunstnarisk retning.» I Howard Sounes-boka Down The Highway: The Life Of Bob Dylan vert et skrive at Dylan skal ha sagt «om platene mine berre sel ei viss mengd likevel, kvifor skal eg då bruke lang tid på å setje dei saman?»

Dylan har spelt eit par songar får albumet på konsertane sine: «Driftin' Too Far From Shore», med 14 konsertar (alle utanom ein i 1988), er den mest framførte. Fire songar er aldri spelte på scenen.

I nyare år har albumet fått ein kultstatus blant Dylanfans som meiner albumet er hans minst forståtte verk,[8] men kritikarane er framleis stort sett negative og Rolling Stone kalla det nyleg «den absolutte botnen i karrieren til Dylan».

Albumet vart nymastra og gjeve ut på ny i 2013 som ein del av plateboksen The Complete Albums Collection, Vol. One.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You Wanna Ramble»Little Junior Parker3:14
2.«They Killed Him»Kris Kristofferson4:00
3.«Driftin' Too Far from Shore»Bob Dylan3:39
4.«Precious Memories»Trad. arr. Bob Dylan3:13
5.«Maybe Someday»Bob Dylan3:17
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Brownsville Girl»Bob Dylan, Sam Shepard11:00
2.«Got My Mind Made Up»Bob Dylan, Tom Petty2:53
3.«Under Your Spell»Bob Dylan, Carole Bayer Sager3:58

Medverkande endre

Andre medverkande endre

  • Mike Berment – steeltrommer
  • Peggie Blu – korvokalist
  • Majason Bracey – korvokal
  • Clem Burke – trommer
  • T Bone Burnett – gitar
  • Mike Campbell – gitar
  • Carolyn Dennis – korvokal
  • Steve Douglas – saksofon
  • Howie Epstein – bassgitar
  • Anton Fig – trommer
  • Lara Firestone – korvokal
  • Milton Gabriel – steeltrommer
  • Keysha Gwin – korvokal
  • Don Heffington – trommer
  • Muffy Hendrix – korvokal
  • April Hendrix-Haberlan – korvokal
  • Ira Ingber – gitar
  • James Jamerson jr. – bassgitar
  • Dewey B. Jones II – korvokal
  • Phil Jones – conga
  • Al Kooper – klaverinstrument
  • Stan Lynch – trommer
  • Steve Madaio – trompet
  • Queen Esther Marrow – korvokal
  • Larry Mayhand – korvokal
  • John McKenzie – bassgitar
  • Vince Melamed – klaverinstrument
  • Larry Meyers – mandolin
  • Angel Newell – korvokal
  • Herbert Newell – korvokal
  • John Paris – bassgitar
  • Bryan Parris – steeltrommer
  • Al Perkins – steelgitar
  • Tom Petty – gitar
  • Crystal Pounds – korvokal
  • Raymond Lee Pounds – trommer
  • Madelyn Quebec – korvokal
  • Vito San Filippo – bassgitar
  • Carl Sealove – bassgitar
  • Patrick Seymour – klaverinstrument
  • Jack Sherman – gitar
  • Daina Smith – korvokal
  • Maia Smith – vokal
  • Medena Smith – korvokal
  • Dave Stewart – gitar
  • Benmont Tench – klaverinstrument
  • Annette May Thomas – korvokal
  • Damien Turnbough – korvokal
  • Ronnie Wood – gitar
  • Chyna Wright – korvokal
  • Elesecia Wright – korvokal
  • Tiffany Wright – korvokal

Produksjon endre


Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Knocked Out LoadedAllmusic
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Artist 169». robertchristgau.com. Henta 4. desember 2018. 
  3. Entertainment Weekly review
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 4. desember 2018. 
  6. DeCurtis, Anthony (11. september 1986). «Bob Dylan: Knocked Out Loaded : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. Henta 4. desember 2018. 
  7. Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, 95-100
  8. «Knocked Out Loaded analysis». Weebly.com.