Knottblom
Knottblom | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Malaxis | ||
Art: | M. monophyllos | ||
Vitskapleg namn | |||
Malaxis monophyllos
(Linné) Sw.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | alkalisk myr | ||
Utbreiing: | Eurasia, Nord-Amerika |
Knottblom (Malaxis monophyllos) er ein plante i knottblomslekta Malaxis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Knottblom hadde tidlegare det vitskaplege namnet Microstylis monophyllos i Artsdatabanken, men slektsnamnet er nyleg endra.[2]
Utsjånad
endreKnottblom er ein liten gulgrøn plante som blir om lag 10 til 25 centimeter høg. Planten har små gulgrøne blomar i ein lang, smal klase.
Utbreiing
endreKnottblom er den einaste arten frå den store planteslekta Malaxis som veks i Norden. I Noreg veks han på kalkrike myrar på det sørlege Austlandet, men er utrydda på mange av veksestadene på grunn av grøfting.[3] Planten er freda i Noreg,[4] og står på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN).[5]
Arten finst òg i Sverige (status VU, svensk namn knottblomster)[6] og i Finland (EN, finsk namn sääskenvalkku).[7]
I Estland (estisk namn soovalk) veks knottblom spreidd over det meste av landet og er rekna som nær truga (NT).[8] I Latvia (latvisk namn purvāja vienlape)[9] veks arten spreidd på fukteng og myr og er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[10] I Litauen (litauisk namn vienalapis gedutis) veks arten særleg i søraust. Han er rekna som sårbar (VU).[11][12]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar knottblom». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre knottblom». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022.
- ↑ «Artskart: Knottblom, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022.
- ↑ «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 27. februar 2022.
- ↑ «Raudlista: Knottblom». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 26. februar 2022.
- ↑ «Artfakta naturvård: Malaxis monophyllos knottblomster». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Malaxis monophyllos». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Malaxis monophyllos» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: purvāja vienlape» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 86-87. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 412. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 5. februar 2023.
- Denne artikkelen byggjer delvis på «Knottblomst» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- «knottblom» i Store norske leksikon, snl.no.
- (no) knottblom hos Artsdatabanken
- (en) knottblom i Encyclopedia of Life
- (en) knottblom i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) knottblom hos Dyntaxa
- (en) knottblom hos ITIS
- (en) knottblom hos NCBI
- (en) knottblom hos The International Plant Names Index
- (en) knottblom hos Tropicos
- (en) Kategori:Malaxis monophyllos – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Malaxis monophyllos – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Malaxis monophyllos – detaljert informasjon på Wikispecies