Knottblomslekta

planteslekt
Knottblomslekta

Knottblom
Knottblom

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Malaxis
Artar i Noreg
Vitskapleg namn
Malaxis
Sol. ex Sw.
Økologi
Utbreiing: Eurasia, Nord-Amerika

Knottblomslekta (Malaxis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Systematikk endre

På verdsbasis har knottblomslekta mange artar; ulike klassifiseringar opererer med frå kring 150 til over 400 artar.[2][3] Av desse er berre ein representert i Noreg og Norden.[4] Tidlegare blei òg myggblom rekna til denne slekta,[5] men er no skild ut til myggblomslekta Hammerbya.[6] Det har vore framlegg om å skilje ut knottblom og somme andre artar til slekta Microstylis, men dette er ikkje gjennomførd i dei fleste klassifiseringar.[7]

Etymologi endre

Namnet Malaxis er laga ut frå det greske verbet malázo (μαλάζω), som tyder å gjere mjuk.

Artar i Noreg endre

Artsdatabanken opererer med ein art i Noreg:[4]

Arten er teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN).[8]

Referansar endre

  1. «Artsdatabanken: Knottblomslekta». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  2. «PoWO: Malaxis». Plants of the World Online. Henta 26. februar 2022. 
  3. «AOS: Malaxis». American Orchid Society. Henta 26. februar 2022. 
  4. 4,0 4,1 «Artsdatabanken: Namnetre knottblomslekta». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  5. Johannes Lid (1944). Norsk flora. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 69–70. 
  6. Johannes Lid (1952). Norsk flora (2. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 218. 
  7. Dariusz L. Szlachetko og Hanna B. Margońska (2006). «Redefinition of the genera Malaxis Sol. ex Sw. and Microstylis (Nutt.) Eaton (Orchidaceae, Epidendroideae)». Acta Societatis Botanicorum Poloniae 75 (3): 229–231. ISSN 2083-9480. doi:10.5586/asbp.2006.027. 
  8. «Raudlista 2021: Knottblom». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 26. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff endre