Knud Knudsen (1832–1915)

norsk fotograf
(Omdirigert frå Knud Knudsen (1832-1915))

Knud Knudsen (3. januar 183221. mai 1915) var ein norsk fotograf fødd i Odda.

Knud Knudsen (1832–1915)

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. januar 1832
Odda kommune
Død

21. mai 1915 (83 år)
Bergen

Yrke fotograf
Knud Knudsen (1832–1915) på Commons
Bryggen i Bergen fotografert kring 1866 av Knud Knudsen

Knudsen arbeidde som fotograf i Bergen frå 1862 til om lag 1900, men reiste mykje kringom i Noreg. Etter kvart vart han vidgjeten som natur- og landskapsfotograf, og tok mange bilete retta mot ein turistmarknad. Universitetsbiblioteket i Bergen har ei stor fotosamling etter fotostudioet til Knudsen. Store delar av fotosamlinga er gjort tilgjengeleg for søk og gjennomsyn på internett. Det er òg laga til utstillingar etter tema. Universitetsbiblioteket si fotosamling av Knudsen-bilete er ein del av Noregs dokumentarv.[1]

Referansar endre

Litteratur endre

  • Susanne Bonge: Eldre Norske Fotografer; Fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920, Bergen 1980 ISBN 82-7130-014-8

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Knud Knudsen (1832–1915)