Knut Bjørnsen
Knut Bjørnsen (26. juli 1932–14. november 2008) var ein norsk sportsjournalist, forfattar og programleiar.
Knut Bjørnsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. juli 1932 Oslo |
Død |
14. november 2008 (76 år) |
Yrke | idrettsjournalist, programleiar, skøyteløpar, songtekstforfattar, faglitterær forfattar, reporter, tv-journalist |
Organisasjon | Norsk rikskringkasting, TV3 Norge, VG |
Prisar | Lytterprisen, Idrettsgallaens hederspris |
Knut Bjørnsen på Commons |
Liv og virke
endreBjørnsen var fødd i Oslo, der han voks opp på Grünerløkka i ein idrettsinteressert familie. Som ung var Bjørnsen ein lovande skøyteløpar som mellom anna vann junior-NM i 1951.[1]
Han byrja sin journalistiske karriere som sekstenåring i bladet Sportsmannen, der han blei kjend med redaktøren Per Jorsett som han skulle ha eit omfattande samarbeid med.[2] I 1953 blei han tilsett Verdens Gang, og var der fram til han i 1961 blei tilsett i NRK. Knutsen blei verande i statskanalen i 30 år, som sportskommentator og programleiar. Knutsen kommenterte særleg meisterskap på skøyter og friidrett for radio og fjernsyn, ofte saman med Per Jorsett. For dette fekk dei to Idrettsgallaens hederspris i 2004. Bjørnsen fekk òg Norsk Lytterforenings ærespris i 1982. Som programleiar leidde Knut Bjørnsen spørjeprogrammet Kvitt eller dobbelt frå 1966 til og med 1994. I 1970 leidde han også spørjeprogrammet Avspark. Han var seinare programleiar for Lykkehjulet og Ønskebrønnen på TV3. Bjørnsen presenterte òg ulike produkt i fjernsynsreklame, som på TV-shop. Bjørnsen spelte seg sjølv i to episodar av Karl & Co på TV 2. Han var dommar i Isdans på TV 2 i 2007.
Gjennom karriera si gav Bjørnsen også ut fleire bøker innan ulike sjangrar, særleg om idrett. Han var redaktør for den offisielle boka etter OL på Lillehammer i 1994.
Bjørnsnen var gift to gonger, frå 1957 med Bjørg Agnete Johansen som døydde i 1983, og frå 1986 med Karin Löfblad. Han hadde to born frå det første ekteskapet. Dei siste åra av livet sitt var han busett i Svelvik.
Verkliste
endre- 13 år med Kuppern & Co, 1963
- Skøytesportens tall 1964 (med Per Jorsett), 1964
- Små stopp i stor verden, 1966
- Fred A. Maier forteller til Knut Bjørnsen, 1968
- Helst mot urolig vær, 1969
- Skøytesportens stjerner (med Per Jorsett), 1971
- Kvitt eller trøbbel. 1000 spørsmål og svar, 1988
- Dans! Dans! Eventyret om norske sportsdansere, 1990
- 100 år på glattisen. 30 år bak mikrofonen, 1992
- 70 år med vinter-OL, 1993
- Den offisielle boken fra de XVII Olympiske vinterleker, Lillehammer 1994, 1994
- Store norske sportsbragder i 1000 år (med Per Jorsett), 1995
- Jakten på "Najaden" : norsk-engelsk drama på Lyngør havn, 2002
- Gylne øyeblikk, 1999
- Idrettshelter fra Buskerud (red. med Per Jorsett), 2005
- Bislet blues (med Kjell Kristian Rike), 2008
Kjelder
endre- ↑ «Knut Bjørnsen er død» på nrk.no, besøkt 16. november 2008
- ↑ «Knut Bjørnsen er død» i dt.no
- «Knut Bjørnsen», Store norske leksikon, henta 1. oktober 2011
- Søk etter Knut Bjørnsen som bokforfattar[daud lenkje] i Bibsys