Knut Taraldsen

Knut Taraldsen (3. februar 18259. september 1915) var ein lærar, kyrkjesongar og stortingsmann frå Kviteseid i Telemark.

Knut Taraldsen
Fødd 3. februar 1825
Kviteseid
Død

9. september 1915 (90 år)
Kviteseid

Yrke politikar, lærar, bonde

Taraldsen var son til ein husmann. Han gjekk årleg fire veker i skule, før han fekk høve til å gå ein ekstra skule på Kosi i Brunkeberg. I denne skulen gjekk han 1½ år, fekk då attest for å vere ein dugande lærar. Vinteren 184-45 var han lærar i Flatdal, sommaren 1845 huslærar hos Magnus Brostrup Landstad. I 1846 tok han til på seminaret i Asker. Frå 1848 var han lærar og kyrkjesongar i Kviteseid. Desse stillingane hadde han til 1883.

Taraldsen var medlem av heradsstyret frå 1859 til 1895, ordførar 1862-79 og 1884-89. Elles var han forlikskommissær frå 1866 og sparebankdirektør i Kviteseid Sparebank frå banken vart oppretta og heilt fram til 1910. Han var formann i matrikkelkommisjonen i Kviteseid, samt amtsrevisor i 40 år.

Taraldsen representerte Bratsbergs amtStortinget 1868-69 og tida frå 1874 til 1882. Han var 1868-69 medlem av kyrkjekomite nr 2, på dei seinare stortinga var han medlem av kyrkjekomiteen. 1880-82 var han også medlem av Lagtinget.

KjelderEndra