Komse er ei tradisjonell samisk vogge som kan berast på ryggen eller hengast opp.

Mor med unge i komse

Ei komse er laga av ein uthola trestamme som er trau- eller båtforma og breiare øvst enn nedst. Denne er trekt med barka reinskinn og utstyrt med ein fastståande kalesje av barka skinn som er spent over bøygde trespiler ved hovudenden. Frå forkanten på kalesjen går det sterke, vovne band og snorer ned til fotenden som tar av for støyt under bering og reiser. I komsa ligg barnet, som er reiva med klutar og fine skinn av reinkalv, hare eller lam. Det innsvøypte barnet kviler på eit underlag av kvitmose eller lange, mjuke reinhår frå njávvi, altså frå halsen på reinsdyret, og på tørka knusk frå morkna bjørk. Barnet kan derfor også vera ute i sterk kulde. Ei komse med barn kan fraktast i pulk eller kløyv, hengast opp på ei grein eller frå taket i ein tradisjonell samisk bustad eller stillast på ende ned i snøen medan den som passar ungen gjer arbeidet sitt.[1]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «komse» i snl.no