Kongealbatross

fugleart
Kongealbatross
Sørleg underart fotografert ved Tasmania Foto: JJ Harrison
Sørleg underart fotografert ved Tasmania
Foto: JJ Harrison
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Kongealbatross
Utbreiinga av Kongealbatross
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Diomedea
Art: Kongealbatross D. epomophora
Vitskapleg namn
Diomedea epomophora

Kongealbatross, Diomedea epomophora, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Med eit gjennomsnittleg vengespenn på rundt 3 meter, er dette den nest største albatrossen, berre vandrealbatrossen er større.

Clementslista, versjon 6,6 av august 2011, listar to underartar, nominatforma D. e. epomophora og D. e. sanfordi.[1] BirdLife International,[2][3] og andre, har lista desse opp som to artar, høvesvis ein sørleg og ein nordleg kongealbatrossart.

Skildring endre

Kongealbatross har ei lengd på 112-123 cm. Vengespennet er frå 2,70 til 3,51 meter. Vandrealbatrossen overgår denne arten både i maksimal og gjennomsnittleg storleik, men storleik kan ikkje brukast til å skilje mellom artane. Det meste av fuglen er kvit, med mørkebrun overside av vengene. Men graden av mørke område varierer med alder, underart og kjønn. Nebbet har rosa farge med svart langs kanten av den øvre kjeven, og beina er kjøtfarga. Det er vanskeleg å skilje dei to underartane, men den nordlege, epomophora er mørkast på oversida av vengene. Den gjennomsnittlege levealderen er 42,3 år.[2]

Utbreiing endre

Begge underartane hekkar på øyar på New Zealand. Fuglar som ikkje hekkar gjer sirkumpolare reiser i Sørishavet.

D. e. epomophora (sør): Nær alle fuglar, 99 %, hekkar på Campbelløya, New Zealand, og nokre få par på øyar i Aucklandøyane, populasjonen er estimert til totalt 7 800 hekkande par. [2]

D. e. sanfordi (nord): Chathamøyane vest for New Zealand er hekkeplass for 99 % av alle para, populasjonen er estimert til 6 500-7 000 hekkande par.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012 
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2012) Species factsheet: Diomedea epomophora Arkivert 2012-10-18 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org on 15. april 2012
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2012) Species factsheet: Diomedea sanfordi Arkivert 2014-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org on 15. april 2012

Bakgrunnsstoff endre