Konglebit

art av sporvefuglar
Konglebit
Konglebit, vaksen hann
Konglebit, vaksen hann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Konglebit
Utbreiinga av Konglebit
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Pinicola
Art: Konglebit P. enucleator
Vitskapleg namn
Pinicola enucleator

Konglebit (Pinicola enucleator) er ein stand- og streiffugl, som i likskap med krossnebbane varierer mykje i farge etter alder og kjønn.

UtbreiingEndra

Konglebiten har ei sirkumpolar utbreiing i dei nordlege delane av den nordlege tempererte sonen og lever i furuskogar i Alaska, fjellområda i det vestre USA, i Canada, og i dei subarktiske delane av Fennoskandia og Sibir. Han dreg ikkje langt sørover om vinteren, men i visse sokalla invasjonsår dreg han lengre og førekjem då i det tempererte Eurasia.

Førekomst i NoregEndra

Fuglen hekkar til dels vanleg i skogkledde delar av Finnmark, først og fremst i aust. Lengre sørover finst arten sporadisk eller sjeldan, men i Hedmark og Oppland er der ein hekkebestand knytt til glissen barskog med tett og frodig undervegetasjon av einer i høgder kring 800-950 m.o.h. Konglebiten er sjeldsynt i Finnmark om vinteren. Han kjem attende seint i mars. I delar av Sør-Noreg er fuglen å sjå i varierande tal kvar vinter i perioden oktober-mars. I invasjonsåra kan fuglen sjåast talrik over mykje av Sør-Noreg. Største invasjonsåret siste femti åra var i 1976-1977.

UtsjånadEndra

Hannen er mørkt rosaraud på oversida, med flekkar av grått og svart. Iblant er hannen gul eller gulraud. Hoa si fargeteikning er for det meste grågul. Begge kjønna har svartaktige vengar, der dei ytste delen av svingfjørene er svartkvite. Den gråsvarte stjerten er kløyvd i spissen. Totallengda på fuglen er 22 cm.

ØkologiEndra

 
Konglebitegg

Konglebiten si føde er sett saman av frø og alle slags bær (spesielt bær frå einer og rogn). Reiret, som vert bygd av fine kvistar og fora med strå, finst oftast i tette barskogar og inneheld 3-4 egg. Desse er lysegrøne med grå og svarte flekkar. Konglebiten er lite sky, til liks med andre fugle- og dyreslag som lever i tynt folkesette område.

KjelderEndra

  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.

BakgrunnsstoffEndra