Kopervik
- Denne artikkelen handlar om byen i Noreg. For vika i Antarktis, sjå Koppervik.
Kopervik er ein tettstad (by) og eit sokn i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Kopervik har òg vore ein bykommune og ein heradskommune.
Kopervik | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Karmøy | ||
Areal | 7,73 km² | ||
Folketal | 11 690 (2023) | ||
Folketettleik | 1 512 / km² | ||
Postnummer | 4250 KOPERVIK | ||
Ferdselsårer | 47 511 | ||
Kopervik 59°17′00″N 5°18′00″E / 59.28333333°N 5.3°E | |||
Wikimedia Commons: Kopervik, Karmøy |
Tettstaden Kopervik er kommunens administrasjonssenter og har 11 690 innbyggjarar per 1. januar 2023. Han ligg om lag midt i kommunen ved Karmsundet.
Kopervik sokn
endreKopervik sokn har 8 555 innbyggjarar og tilhøyrer Karmøy prosti. Det blei oppretta 1855 ved frådeling av den sørvestre delen av Avaldsnes sokn.
Kopervik ladestad
endreStrandstaden Kopervik blei utskilt frå Avaldsnes kommune som ein ladestad (ein slags bykommune) i 1866. Den hadde då 737 innbyggjarar.[1] I 1965, etter nesten eit sekel, blei Kopervik ladestad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Ladestaden hadde då 1 737 innbyggjarar.
Kopervik (Stangaland) herad
endreLadestaden Kopervik omfatta berre ein liten del av Kopervik sokn, og resten av soknet (landdistriktet) var fortsatt ein del av Avaldsnes kommune. Først i 1909 blei landdistriktet òg utskilt til eit eige herad (landkommune) med 1 001 innbyggjarar. Nemninga Kopervik herad blei i 1916 bytta til Stangaland herad for å unngå forveksling mellom dei to kommunane. I 1965 blei Stangaland herad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Heradet hadde då 2 678 innbyggjarar.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for tidlegare Kopervik ladestad frå 1866 til 1965:
16.8.1866[1] | 1900[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1965[1] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
737 | 999 | 1696 | 1681 | 1711 | 1729 | 1841 | 1737 |
Sjå òg
endreAndre nettstader
endreKjelder
endreFotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 Arkivert 2007-08-08 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Kopervik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå