Korallrot

Korallrot

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Corallorrhiza trifida 05 mg-k.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Corallorhiza
Art: C. trifida
Vitskapleg namn
Corallorhiza trifida
Châtel.
Økologi
Habitat: myr
Utbreiing: Eurasia, Nord-Amerika

Korallrot (Corallorhiza trifida) er ei plantekorallrotslekta Corallorhizaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

UtsjånadEndra

Korallrot er ei lita plante, som kan bli om lag 20 centimeter høg. Planta har gulgrøne blomar i eit lite aks. Leppa på blomen er stutt og oftast veikt tredelt med raudbrune spissar. Stengelen er gjerne gulbrun med svært veik grønfarge.

SystematikkEndra

Korallrotslekta har eit titals artar i Nord-Amerika, men korallrot er den einaste arten i slekta som lever i Europa.[2]

UtbreiingEndra

I Noreg veks korallrot over det meste av landet.[3]Norsk raudliste for artar (2021) er arten rekna som livskraftig (LC).[4]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «korallrot»),[5] i Danmark (VU) (dansk namn: «koralrod»),[6] i Finland (LC) (finsk namn: «harajuuri»),[7] på Island (LC) (islandsk namn: «kræklurót»)[8][9] og på Grønland (LC) (grønlandsk namn: «isigammaasaaqqat»).[10]

Korallrot (engelsk namn: «coralroot orchid») veks i den nordlege delen av Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[11] slik som lokalt i England.[12] Arten er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[13]

ReferansarEndra

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar korallrot». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre korallrot». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  3. «Artskart: Korallrot, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  4. «Raudlista: Korallrot». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 26. februar 2022. 
  5. «Artfakta: Corallorhiza trifida korallrot». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Koralrod Corallorhiza trifida». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  7. «LAJI: Corallorhiza trifida». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  8. «Kræklurót (Corallorhiza trifida)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 7. mars 2022. 
  9. «Corallorhiza trifida». Global Biodiversity Information Facility. Henta 7. mars 2022. 
  10. «Rødlisten». Pinngortitaleriffik (Grønlands Naturinstitut). Henta 7. mars 2022. 
  11. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 

BakgrunnsstoffEndra