Krossknapp
Krossknapp (Glechoma hederacea) er ei eviggrøn, flerårig urt i leppeblomfamilien. Planta har ein krypande til oppstigande vekst. Han blir 5–30 cm høg, men stengelen kan krype opptil 1 meter.[1] Blada er runde eller nyreforma med ei svakt hårete overside. Blomane sit i mindre kvastar ved bladhjørna på opprette skot.[2] Dei er blåfiolette på farge og har purpurfarga flekkar på underleppa.[1]
Krossknapp | |
Krossknapp | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Slekt: | Glechoma |
Art: | Krossknapp G. hederacea |
Vitskapleg namn | |
Glechoma hederacea |
Pollenknappen dannar to kvite krossar i blomen, noko som har gjeve planten det norske namnet sitt. Han har ei sterk aromatisk lukt.[2]
Leveområde og utbreiing
endreKrossknapp føretrekk fuktig jordsmonn i mellom anna buskas, kulturmark eller lauvskog. Krossknapp veks i skogkantar, ved gjerde og langs vegkantar. I Noreg er han vanlegast på Austlandet.[2] Han veks nord til Finnmark, men er sjeldan i innlandet og i Nord-Noreg. Truleg er arten ein framandart innført som medisinplante i vikingtida eller i mellomalderen.[3]
Krossknapp veks over store delar av Europa og nord og vest i Asia. Han er også innført i Nord-Amerika og på New Zealand.[1] Han formerer seg og spreier seg raskt og blir sett på av mange som ein invasiv art. Planten vert nytta som staude i hagar, men er invaderande og blir av mange sett på som eit ugras.
Bruk
endreBlome og blad kan brukast til vinlaging.[4] Før han blei erstatta av humleplanten blei krossknapp også brukt til ølbrygging, for å gjera brygget beiskare, klarare og meir haldbart.[1]
Planten er svakt giftig og var tidlegare mykje nytta som feber- og hostemiddel.[2] Han er blitt spreidd i Finland som hageplante, og teken med av europeiske utvandrarar til koloniane.
Variantar
endreDen tidlege, meir djupblå varianten blir ofte kalla vårkrossknapp, og er mindre enn krossknapp.
- Glechoma hederacea subsp. glabriuscula (Neilr.) Gams
- Glechoma hederacea var. micrantha (Rchb.) Nyman
- Glechoma hederacea var. micrantha P.Fourn.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- (no) Glechoma hederacea hos Artsdatabanken
- (en) Glechoma hederacea i Encyclopedia of Life
- (en) Glechoma hederacea i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Glechoma hederacea hos Dyntaxa
- (en) Glechoma hederacea hos ITIS
- (en) Glechoma hederacea hos NCBI
- (en) Glechoma hederacea hos The International Plant Names Index
- (en) Glechoma hederacea hos Tropicos
- (en) Kategori:Glechoma hederacea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Glechoma hederacea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Glechoma hederacea – detaljert informasjon på Wikispecies