Kotingaer

familie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Kotinga)

Kotingaer, vitskapleg namn Cotingidae, er ein stor familie i ordenen Passeriformes. Dei finst i Sentral-Amerika og Sør-Amerika.

Kotingaer
Bandfruktetar, Pipreola arcuata Illustrasjon Joseph Smit, 1869, Public domain
Bandfruktetar, Pipreola arcuata
Illustrasjon Joseph Smit, 1869, Public domain
Utbreiing
Utbreiinga av kotingaer
Utbreiinga av kotingaer
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Kotingaer Cotingidae
Bonaparte, 1849

Skildring

endre

Kotingaer lever i skoghabitat eller i utkanten av skog og har ein diett av frukt, somme artar også insekt. Dette er ei ueinsarta gruppe, men alle har breitt, krumma nebb, avrunda venger, og sterke bein. Kotingafamilien kan vere den familien av sporvefuglar som varierer mest i storleik, alt frå 8-cm for fuglekongekotinga til 50 cm for tomatparasollfugl, sjølv om den førstnemnte kanskje ikkje er ein ekte kotinga.

Hannar av mange kotingaartar, for eksempel andesklippehane, har kraftfulle farger, eller dekorasjonar med fjørduskar eller fargerike hudfolder, som parasollfuglar Cephalopterus, med sin parasolliknande kam og lange hudfold på halsen. Andre, som stentorpiha, har karakteristiske og langtrekkande kallerop. Hoene av dei fleste artane har meir nedtona farger enn hannane. Dei fleste artane er polygyniske, og berre hoer har ansvar for egg og ungar. Hos mange artar har hannane detaljrike kurtiseringritual, ofte med spel i grupper. I slekter som lever i trekroner som Carpodectes, Cotinga og Xipholena samlar hannane seg oppe i eit eller fleire tre, medan andre som lever på bakken viser spelet på bakken. Purpurskjeggkotinga lever i grupper av blanda kjønn der ei ho legg eitt egg og dei andre i gruppa syter for føda til ungen. Reira kan variere i utforming alt etter art. Mange artar legg eitt egg i eit reir som er så spinkelt at egget er synleg frå undersida. Dette gjer reira mindre iaugefallande og mindre sårbare for åtak frå predatorar. Artar som et frukt byggjer meir solide skålforma reir. Klippehanane gjer reira sine av jord og søle og fester reira til bergsider.

Artslista

endre
 
Andesklippehane, Rupicola peruvianus
Foto: Jerry Thompson
 
Gullklippehane, Rupicola rupicola
Foto: Almir Cândido de Almeida
 
Argentinaplanteklippar, Phytotoma rutila
Foto: Allan Drewitt
 
Flitterkotinga, Cotinga cayana
Foto: Greg Hume
 
Flammebrystfruktetar, Pipreola frontalis
Foto: Wikimedia-brukar: MeegsC
 
Bandhalefruktetar, Pipreola intermedia
Foto: Juan José Chalco Luna

Kotingaer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Carpornis

Slekt Pipreola

  • Grønfruktetar, Pipreola riefferii, Green-and-black Fruiteater, LC, Boissonneau, 1840
  • Bandhalefruktetar, Pipreola intermedia, Band-tailed Fruiteater, LC, Taczanowski, 1884
  • Bandfruktetar, Pipreola arcuata, Barred Fruiteater, LC, Lafresnaye, 1843
  • Gullbrystfruktetar, Pipreola aureopectus, Golden-breasted Fruiteater, LC, Lafresnaye, 1843
  • Oransjebrystfruktetar, Pipreola jucunda, Orange-breasted Fruiteater, LC, Sclater, 1860
  • Svartbrystfruktetar, Pipreola lubomirskii, Black-chested Fruiteater, LC, Taczanowski, 1879
  • Smekkefruktetar, Pipreola pulchra, Masked Fruiteater, LC, Hellmayr, 1917
  • Flammebrystfruktetar, Pipreola frontalis, Scarlet-breasted Fruiteater, LC, Sclater, 1858
  • Eldstrupefruktetar, Pipreola chlorolepidota, Fiery-throated Fruiteater, NT, Swainson, 1837
  • Mirandafruktetar, Pipreola formosa, Handsome Fruiteater, LC, Hartlaub, 1849
  • Tepuifruktetar, Pipreola whitelyi, Red-banded Fruiteater, LC, Salvin & Godman, 1884

Slekt Ampelioides

  • Skjelfruktetar, Ampelioides tschudii, Scaled Fruiteater, LC, Gray, 1846

Slekt Zaratornis

  • Kvitkinnkotinga, Zaratornis stresemanni, White-cheeked Cotinga, VU, Koepcke, 1964

Slekt Phytotoma

Slekt Doliornis

  • Kastanjebukkotinga, Doliornis remseni, Chestnut-bellied Cotinga, VU, Robbins, Rosenberg & Molina, 1994
  • Inkakotinga, Doliornis sclateri, Bay-vented Cotinga, VU, Taczanowski, 1874

Slekt Ampelion

  • Raudtoppkotinga, Ampelion rubrocristatus, Red-crested Cotinga, LC, D'Orbigny & Lafresnaye, 1837
  • Kragekotinga, Ampelion rufaxilla, Chestnut-crested Cotinga, LC, Tschudi, 1844

Slekt Phoenicircus

  • Blodkotinga, Phoenicircus carnifex, Guianan Red-Cotinga, LC, Linné, 1758
  • Raudkotinga, Phoenicircus nigricollis, Black-necked Red-Cotinga, LC, Swainson, 1832

Slekt Rupicola

  • Gullklippehane, Rupicola rupicola, Guianan Cock-of-the-rock, LC, Linné, 1766
  • Andesklippehane, Rupicola peruvianus, Andean Cock-of-the-rock, LC, Latham, 1790

Slekt Snowornis

  • Gråhalepiha, Snowornis subalaris, Gray-tailed Piha, NT, Sclater, 1861
  • Olivenpiha, Snowornis cryptolophus, Olivaceous Piha, LC, Sclater & Salvin, 1877

Slekt Haematoderus

  • Karminkotinga, Haematoderus militaris, Crimson Fruitcrow, LC, Shaw, 1792

Slekt Querula

Slekt Pyroderus

Slekt Cephalopterus

  • Tomatparasollfugl, Cephalopterus glabricollis, Bare-necked Umbrellabird, EN, Gould, 1851
  • Amazonparasollfugl, Cephalopterus ornatus, Amazonian Umbrellabird, LC, Geoffroy Saint-Hilaire, 1809
  • Andesparasollfugl, Cephalopterus penduliger, Long-wattled Umbrellabird, VU, Sclater, 1859

Slekt Perissocephalus

Slekt Cotinga

Slekt Lipaugus

  • Brunkronepiha, Lipaugus weberi, Chestnut-capped Piha, EN, Cuervo, Salaman, Donegan & Ochoa, 2001
  • Oskepiha, Lipaugus fuscocinereus, Dusky Piha, LC, Lafresnaye, 1843
  • Krumvengpiha, Lipaugus uropygialis, Scimitar-winged Piha, VU, Sclater & Salvin, 1876
  • Brunpiha, Lipaugus unirufus, Rufous Piha, LC, Sclater, 1859
  • Stentorpiha, Lipaugus vociferans, Screaming Piha, LC, Wied, 1820
  • Kanelgumppiha, Lipaugus lanioides, Cinnamon-vented Piha, NT, Lesson, 1844
  • Rosenringpiha, Lipaugus streptophorus, Rose-collared Piha, LC, Salvin & Godman, 1884

Slekt Tijuca

Slekt Procnias

Slekt Porphyrolaema

  • Purpurstrupekotinga, Porphyrolaema porphyrolaema, Purple-throated Cotinga, LC, Deville & Sclater, 1852

Slekt Carpodectes

  • Svarttippkotinga, Carpodectes hopkei, Black-tipped Cotinga, LC, Berlepsch, 1897
  • Gulnebbkotinga, Carpodectes antoniae, Yellow-billed Cotinga, EN, Ridgway, 1884
  • Kritkotinga, Carpodectes nitidus, Snowy Cotinga, LC, Salvin, 1865

Slekt Xipholena

  • Pompadurkotinga, Xipholena punicea, Pompadour Cotinga, LC, Pallas, 1764
  • Kvithalekotinga, Xipholena lamellipennis, White-tailed Cotinga, NT, Lafresnaye, 1839
  • Kvitvengkotinga, Xipholena atropurpurea, White-winged Cotinga, EN, Wied, 1820

Slekt Gymnoderus

  • Pløsekotinga, Gymnoderus foetidus, Bare-necked Fruitcrow, LC, Linné, 1758

Slekt Conioptilon

  • Svartmaskekotinga, Conioptilon mcilhennyi, Black-faced Cotinga, LC, Lowery & O'Neill, 1966

Slekt Phibalura

  • Svalehalekotinga, Phibalura flavirostris, Swallow-tailed Cotinga, NT, Vieillot, 1816

Slekt Calyptura

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Cotinga frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Prum, Richard O.; Snow, David W. (2003). Cotingas, in Christopher Perrins (Ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, 432–433. ISBN 1-55297-777-3.
  • Remsen, J. V., Jr., C. D. Cadena, A. Jaramillo, M. Nores, J. F. Pacheco, M. B. Robbins, T. S. Schulenberg, F. G. Stiles, D. F. Stotz, & K. J. Zimmer. 2007. A classification of the bird species of South America. American Ornithologists' Union. Lest 12. desember 2007.

Referansar

endre
  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre