Gullklippehane
Gullklippehane, Rupicola rupicola, er ein kotinga, ein søramerikansk sporvefugl på rundt 28 cm i lengd. Den lysoransje hannen har ein uvanleg, halvmåneforma fjørtopp, som blir brukt under oppvisingar i spel på spelplassar for å trekkje til seg hofuglar.
Gullklippehane | |
Hannfugl fotografert i Presidente Figueiredo i delstaten Amazonas i Brasil Foto: Almir Cândido de Almeida
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gullklippehane | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kotingaer Cotingidae |
Slekt: | Rupicola |
Art: | Gullklippehane R. rupicola |
Vitskapleg namn | |
Rupicola rupicola |
Skildring
endreGullklippehanen er ein fugl med kompakt kroppsbygging. Hannfuglen av har ein eineståande, halvmåneforma kam, ein svart hale med oransjefarga fjørtoppar, venger i svart, oransje og kvitt, og silkeaktig, oransje filament på oversida av armdekkfjørene. I tillegg har hannar av denne arten òg oransje nebb, bein og hud. Hoa er langt mindre iaugefallande med mørk, brungrå fjørdrakt og har gul spiss på det elles svarte nebbet og ein mindre kam enn hannen. Begge kjønna har ei total lengd på ca. 28 cm og veg 190-210 gram, hannen ca. 20 gram meir enn hoa.[1] Dietten består hovudsakleg av frukt.
Utbreiing og habitat
endreGullklippehanen har geografisk utbreiing i det som omtrentleg svarar til Guayanaskjoldet i nordaustre Sør-Amerika. I Venezuela er dette Guayana-regionen med delstatane Amazonas og spesielt langs Sierra de Lema i Bolívar. Han finst dessutan sørover gjennom Fransk Guyana, Surinam og Guyana til Brasil, i Brasil i dei nordlege delar av delstatane som er dekt av regnskogen i Amazonas, vestover og inn i austlege Colombia. Den føretrekte habitatstypen er fuktig skog nær fjellknausar, opp til 2000 moh., der dei kan finne sikre reirplassar.[1]
Åtferd
endreForplanting
endreAkkurat som hos slektningen andesklippehane, er gullklippehanen polygam, og hannen har ikkje noko å gjere med hekking etter at paringen har skjedd. Den mannlege energien blir i staden vigd til svært forseggjorte ritual som viser fram den flotte fjørdrakta. Desse oppvisingane føregår i på felles spelplassar, der 40 eller fleire hannar, mest vanleg færre, kan samlast for å utfordre rivalar og lokke hoene.[2][3]
Kammen på hannen kan skjule nebbet, og vengefjørene med silkefjører kan bli så store at dei skjuler halen, mest slik at det gjer det vanskeleg å gjenkjenne arten. Innanfor spelet har kvar fugl sin eigen plass på ei låg grein, med eit spelfelt på bakken nedanfor som er rydda for daude blad av vengeslag av hannfuglen som har landa og tatt av. Dei har òg ei rekkje rop og rørsler, viser fram kammen og dei langstrekte filamenta på overgumpen og vengene, og dei smeller med nebba.[2][3] Hannar sit på greiner ca. 2,5 meter over bakken inntil ei ho nærmar seg, og hannar går ned på bakken og ropar frå sine felt på bakken.[4] Det er hoa som vel hannar for paring, og berre blant dominerande hannar, og dermed vil nokre få utvalde hannar oppnå dei fleste paringane.[1]
Hoa legg 1-2 egg i reiret av slam og plantemateriale, som er festa med spytt til ein vertikal fjellvegg. Hoa rugar aleine i 27-28 dagar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Guianan Cock-of-the-rock» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2012
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
- ↑ 2,0 2,1 Burton, Maurice; Robert Burton (2002). International Wildlife Encyclopedia. Marshall Cavendish. s. 490. ISBN 9780761472704.
- ↑ 3,0 3,1 Ridgely, Robert S.; Guy Tudor (1994). The Birds of South America: The Suboscine Passerines. University of Texas Press. s. 778–779. ISBN 0-19-857218-2.
- ↑ Attenborough, David (1998). «Finding partners». The Life of Birds. England: BBC Books. s. 211–212. ISBN 0563387920.
Bakgrunnsstoff
endre- bilete og lydopptak av Gullklippehanar hos Internet Bird Collection