Kristin Jarmund
Kristin Jarmund (fødd 26. september 1954 i Oslo) er ein norsk arkitekt.
Kristin Jarmund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. september 1954 (70 år) Oslo |
Yrke | arkitekt |
Ektefelle | Are Telje |
Kristin Jarmund på Commons |
Kristin Jarmund er utdanna frå Norges tekniske høgskole i Trondheim og Architectural Association School of Architecture i London. Frå 1978 til 1983 var ho tilsett ved Telje-Torp-Aasen Arkitektkontor. I 1985 starta ho eigen praksis gjennom Kristin Jarmund Arkitekter. Kontoret er blant Noregs leiande og har vunne eller kome høgt i fleire konkurransar. For Justervesenet nybygg på Kjeller er dei tildelt Houens fonds diplom.
Arbeidet til Jarmund er kjenneteikna eit klårt og enkelt formspråk, gjerne karakterisert som nyfunksjonalisme. Detaljering og fargebruk er tydeleg og gjennomtenkt. Interiøret er ofte like viktig som eksteriøret, og Jarmund har brukt uttrykket «den indre fasaden». Kontoret har hatt ansvaret for prosjekt med ombygging av publikumsareal i Majorstuhuset, Oslo nye teater og Nasjonalgalleriet. Alle stadene ser vi ein vellykka kombinasjon av det klassiske og det moderne. I Nydalen T-banestasjon er kunstprosjektet «The Tunnel of Light» inkorporert.
Jarmund er syster til arkitekten Einar Jarmund.
Kristin Jarmund Arkitektar
endreFirmaet vart etablert i 1985. Partnarar er Kristin Jarmund, Ola Helle og Leif Daniel Houck.
Eit utval av arbeida til kontoret:
Bygningar
endre- Fyrstikkterrassen, kontorbygg Helsfyr (Svovelstikka 1-3), Oslo (1991)
- Ombygging av vestibylen på Majorstuhuset i Oslo (1992)
- Stensby barnehage, Eidsvoll (1994)
- Ombygging av publikumsareala i Oslo Nye Teater (1995)
- Kontor- og laboratoriebygg for Justervesenet, Kjeller (1997) (Houens fonds diplom)
- Ny kafe i Nasjonalgalleriet den franske salen (2002)
- Ombygging av kontorbygget til Rasmussen-gruppa, Kirkegata 1, Kristiansand (2004)
- Råholt ungdomsskule (2004) (vinn av Designers Saturday Awards Best Interior; Staten sin byggeskikkpris - heierleg omtale)
- Stortingsgata 6 (bl.a Fokus Bank) (2005) (Statens byggeskikkpris - heiderelg omtale)
- Bergenhus barneskule, Rakkestad (2006)
- Nybygg for Skattedirektoratet, Sandvika (2007)
- Interiør for Akademika bokhandel ved BI i Nydalen (2007) (nominert til Designers Saturday Awards Best Interior)
- Sogn Arena, Oslo
- Ny ambassadebygning i Katmandu, Nepal
- Næringsbygg på Tjuvholmen første byggetrinn
- Ombygging av Kongens gate 5, Oslo til designhotellet First Hotel Grims Grenka
- Nybygg for Odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen (vinnar i konkurranse 2004)
- Nybygg for Westerdals School of Communication ved Akerselva i Oslo (vinnar i konkurranse 2007)
T-banestasjonar i Oslo
endre- Bygging av Nydalen T-banestasjon (2003) (nominert til Mies van der Rohe-prisen)
Litteratur
endre- Bente Sand: «Med vilje til form» i Arkitektur i Norge - årbok 1999
- Knut Randem: «Deilig fargesterk», nettartikkel Arkivert 2004-10-26 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 21:08.