Kristin Røymo

norsk politikar

Kristin Røymo (fødd 4. mars 1973 i Vestvågøy) er ein norsk politikar for Arbeiderpartiet som har vore ordførar og byrådsleiar i Tromsø frå 2015 til 2019. Ho var i perioden 14. oktober 2015-30. juni 2016 byrådsleiar i Tromsø kommune, fram til byparlamentarismen vart erstatta med formannskapsmodellen som styreform i Tromsø.[1] Røymo vart vald som ordførar 14. oktober 2015, men søkte permisjon same dag for å tiltre som byrådsleiar. Jarle Aarbakke var ordførar under permisjonen.

Kristin Røymo

Fødd4. mars 1973 (51 år)
Vestvågøy kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
VervByrådsleiar i Tromsø 14. oktober 2015–30. juni 2016
FøregangarØyvind Hilmarsen
EtterfylgjarStillinga opphøyrde
VervOrdførar i Tromsø 1. juli 2016–16. oktober 2019
FøregangarJarle Aarbakke
EtterfylgjarGunnar Wilhelmsen
Alle verv
  • ordførar i Tromsø (2016–2019)
  • Tromsøs byrådsleder (2015–2016) Sjå dette på Wikidata

Oppvekst og utdanning endre

Kristin Røymo vaks opp i Helnessund i Steigen kommune, tok vidaregåande utdanning ved Solhaugen videregåande skole i Narvik, og flytta til Tromsø i 1995. Røymo har studert statsvitskap, pedagogikk og psykologi, og har ein mastergrad frå Universitetet i Tromsø i Peace and Conflict Transformatin, MPCT.

Røymo har tidligere jobba ved Færingen Terapeutisk Samfunn, som fagkonsulent og som leiar, ho har jobbet som barnehageassistent, og som fylkessekretær for AUF i Troms. Ho har per januar 2015 permisjon frå stillinga som seksjonsleiar for NAV Arbeidsrådgivningskontor, ved NAV Troms.

Politisk karriere endre

Ho er busett i Tromsø, og vart vald inn i kommunestyret for Ap første gong ved kommunevalet i 1999. Røymo var politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet i 2001. Ho var ordførarkandidat for Tromsø Arbeiderparti i 2011, og var gruppeleiar den perioden.[2]

Røymo var byrådsleiarkandidat for Tromsø Arbeiderparti i 2015, og vart 14. oktober 2015 vald som ordførar i Tromsø. Ein del av avtalen mellom samarbeidspartia Arbeidarpartiet, Rødt og SV, var å erstatte byparlamentarisme, med formannskapsmodellen som styreform i Tromsø. Partia vart samde om å behalde byrådet fram til 30. juni 2016, som ein overgangsfase. Røymo søkte derfor om permisjon for å tiltre som byrådsleiar og Jarle Aarbakke var ordførar under permisjonen.[3][4]

Kjelder endre

  1. «Dette er det nye byrådet». Tromsø kommune. 14. oktober 2015. Arkivert frå originalen 11. desember 2015. Henta 16. oktober 2015. 
  2. «Vil ha debatt om parlamentarisme», iTromsø 24. mars 2014
  3. «Nå er Kristin Røymo valgt til ordfører». iTromsø. 13. oktober 2015. Henta 16. oktober 2015. 
  4. «Nå er dette Tromsøs ordfører - i noen få timer». Nordlys. 14. oktober 2015. Henta 14. oktober 2015.