Kristoffer Høgset

norsk politikar

Kristoffer Eckhoff Knutsson Høgset (28. juni 186430. januar 1927) var ein gardbrukar og politikar, fødd på Veiholmen i Smøla. Han var formann i Bondepartiet frå 1921 til han døydde i 1927.

Kristoffer Høgset
Fødd28. juni 1864
Smøla kommune
Død30. januar 1927 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Venstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Liv og gjerning endre

Høgset gjekk amtsskulen på Nordmøre og arbeidde dei neste åra i ei handelsforretning. Frå 1891 var han gardbrukar etter å ha overteke slektsgarden i Gjemnes. Han var ordførar i Gjemnes frå 1898 til 1910, og deretter på ny frå 1913 til 1922. Frå 1911 var han styremedlem og deretter frå 1916 varaformann i Norsk Landmandsforbund.

Høgset representerte valkrinsen Indre Nordmør på Stortinget frå 1919 til 1921, vald for partiet Venstre. Han vart attvald i 1921 og 1924, men då frå Møre fylke og for det nyskipa Bondepartiet, eit parti han sjølv var formann for. På Stortinget var han medlem av Sosialkomiteen i perioden 1919-21 og av Konstitusjonskomiteen i perioden 1922-24, der han var med å behandle Grønlandssaka. I si tredje tingperiode, 1925-27, var han medlem av Landbrukskomiteen til han døydde. Lagtingspresident 1922-27.

Frå 1921 til 1927 var Høgset formann i Bondepartiet. Han sat som medlem av Riksretten i perioden frå 1926 til han døydde vinteren 1927.

Kjelder endre