Krokus
Krokus | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Liliopsida | |
Orden: | Asparagales | |
Familie: | Iridaceae | |
Slekt: | Crocus | |
Vitskapleg namn | ||
Crocus |
Krokus (Crocus) er ei planteslekt i sverdliljefamilien. Krokus er ein staude som ofte vert rekna som ein løkplante, sjølv om overvintringsorganet eigentleg er ein knoll. Slekta er utbreidd med fleire enn 30 artar i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Dei er for det meste fjellplantar. Dei fleste krokus vert 10-20 cm, og dei finst i mange fargar frå kvite og gule til lilla og blå. Blomstringstidspunktet kjem an på sorten, men fell for det meste frå sist i februar til inn i april. For dei haustblomstrande fell blomstringa frå september til inn i november.
BrukEndra
Krokus er vanlege hageplantar, særleg vårkrokus (Crocus vernalis), ein av dei første blomsterplantane som dukkar opp ute om våren, og haustkrokus (Crocus speciosus). Krokus kan gro i alle veldrenerte jordtypar, og er brukelege nesten overalt i blomsterbed, grasplenar eller i potter innandørs. Leggedjupna er 5-10 cm. Både ville artar og dyrka sortar formeirar seg villig ved frø og yngleknollar, men dei skal helst ligge urøyvde i jorda i 3-4 år. For produksjon av krydderet safran dyrkar ein safrankrokus (Crocus sativus).
ArtarEndra
Det finst ei rekke artar i krokusslekta, nokre er
- Alpekrokus (Crocus versicolor)
- Solkrokus (Crocus angustifolius) synonym Crocus susianus
- Gul krokus (Crocus flavus)
- Haustkrokus (Crocus speciosus)
- Safrankrokus (Crocus sativus)
- Septemberkrokus (Crocus kotschyanus) synonym Crocus zonatus
- Begerkrokus (Crocus chrysanthus)
- Snøkrokus (Crocus tommasianus)
- Iskrokus (Crocus niveus)
- Vårkrokus (Crocus vernus) synonym Crocus scepusiensis, Crocus napolitanus, Crocus neapolitanus, Crocus heuffelianus
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Krokus» frå Wikipedia på dansk, den 23. mars 2011.