Frederik X av Danmark
konge av Danmark
(Omdirigert frå Kronprins Frederik av Danmark)
Frederik X (fødd 26. mai 1968 i København) er konge av Danmark sidan 14. januar 2024. Han er den eldste son av dronning Margrethe II av Danmark.
Frederik X av Danmark | |||
| |||
Fullt namn | Frederik André Henrik Christian | ||
---|---|---|---|
Fødd | 26. mai 1968 | ||
Fødestad | Rigshospitalet | ||
Gift med | Mary av Danmark | ||
Dynasti | Huset Glücksborg (Danmark), Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg | ||
Far | Henrik av Danmark | ||
Mor | Margrethe II av Danmark | ||
Born | Christian av Danmark, Isabella av Danmark, Vincent av Danmark, Josephine av Danmark |
Kronprinsen er utdanna statsvitar ved Universitetet i Aarhus, og har i tillegg ei omfattande militær utdanning.[1] Frederik vart i 1990 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
Den 8. oktober 2003 forlova kronprins Frederik seg med australske Mary Donaldson, som han hadde møtt under sommar-OL 2000 i Sydney. Bryllupet fann stad i Vor Frue Kirke i København 14. mai 2004. Kronprinsparet fekk sitt fyrste barn, prins Christian av Danmark, 15. oktober 2005.
Titlar
endre- 1968–1972: Prins Frederik av Danmark
- 1972–2008: Kronprins Frederik av Danmark
- 2008–2024: Kronprins Frederik av Danmark, greve av Monpezat
- 2024– : Kong Frederik X av Danmark
Galleri
endre-
Kronprins Frederiks monogram
-
Kronprins Frederik og Kronprinsesse Marys fellesmonogram
-
Kronprinsesse Mary og Kronprins Frederik på Færøyane, 21. juni 2005.Foto: Erik Christensen
-
Kronprinsesse Mary og Kronprins Frederik ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling, 18. juni 2010.Foto: Holger Motzkau
-
Kronprins Frederik og Kronprinsesse Mary under bryllaupet til Prinsesse Madeleine og Christopher O'Neill, 8. juni 2013.Foto: Frankie Fouganthin
Kjelder
endre- ↑ Paaske, Emma Rønberg: Frederik 10. - konge af Danmark i Den Store Danske på lex.dk. Henta 14. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- H.K.H. Kronprinsen i kongehuset.dk