Opna hovudmenyen

Prins Henrik av Danmark (fødd Henri Marie Jean André de Laborde de Monpezat, fødd 11. juni 1934 Talence, død 13. februar 2018 på Fredensborg slott), fullt namn Henri Marie Jean André, var ektemaken til dronning Margrethe II av Danmark.

Henrik av Danmark
Royal Wedding Stockholm 2010-Konserthuset-420.jpg
Fødd 11. juni 1934
Talence
Død

13. februar 2018
Fredensborg slott

Yrke lyrikar, skribent, biletkunstnar, pianist, prins, bilethoggar
Henrik av Danmark på Commons

Prins Henrik vart fødd i 1934 i Gironde i Frankrike som Henri de Laborde de Monpezat, son av André de Laborde de Monpezat (1907–1998) og Renée Doursenot (1908–2001). Familien de Laborde de Monpezat titulerer seg sjølv som grever, men dei har eigentleg ikkje rett til å bruke denne adelege tittelen.

Han voks opp i Frankrike og Vietnam, og studerte både i Paris, Saigon og Hong Kong. Frå 1959 til 1962 gjorde han militærteneste i den franske hæren i Algerie, og deretter arbeidde han som sekretær ved den franske ambassaden i London fram til 1967.

Den 10. juni 1967 gifta han seg med prinsesse Margrethe, den danske tronfylgjaren. Det franske namnet Henri vart gjort om til det danske Henrik, og han fekk tittelen prins av Danmark. Prins Henrik vart i 1968 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden. Frå Margrethe vart dronning i 1972, har han vore prinsgemal, men denne tittelen har sjeldan vore nytta. I 2005 opplyste dronninga og prinsen at han skulle ha tittelen prinsgemalen.

Prins Henrik er far til kronprins Frederik (fødd i 1968) og prins Joachim (fødd i 1969).

Morsmålet til prinsgemalen var fransk, men han talte òg flytande dansk, engelsk, kinesisk og vietnamesisk.

Han har omsett fleire bøker frå fransk til dansk, og har òg gjeve ut nokre diktsamlingar.

Prins Henrik sovna inn 13. februar 2018 på Fredensborg slott.[1]

TitlarEndra

Hans Kongelege Høyhet Prins Henrik av Danmark

GalleriEndra

Henrik av Danmark

KjelderEndra